Stryn vidaregåande skule

Dei fleste får førstevalet sitt i vidaregåande opplæring


3682 søkjarar får tilbod om å starte på det utdanningsprogrammet dei hadde øvst på lista si, når skuleåret tek til i august.
Dette er 89 % av dei med ungdomsrett som har fått plass etter første inntak.
Det er gledeleg at vi også i år kan tilby majoriteten av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet, seier assisterande fylkesdirektør Tor-Einar Holvik Skinlo i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Svarfristen er 15. juli
Søkjarane har frist til 15. juli på å svare på om dei tek imot tilbodet eller ikkje. Dei som ikkje har svart innan fristen, mistar skuleplassen.
– Det er viktig å svare på om du tek mot tilbodet. Det er enno mange søkjarar som står på venteliste til førstevala sine, understrekar Holvik Skinlo.

Til saman 4436 har søkt om vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane skuleåret 2014–15, 4208 med ungdomsrett. Av søkjarane med ungdomsrett har 4136 fått plass i første inntaket. Dei som ikkje får tilbod om plass i det første inntaket, står på venteliste fram til andre inntaket 1. august.

Kjøper elevplassar i andre fylke
59 søkjarar får i år tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Dette gjeld blant andre søkjarar frå Gulen, Solund og Aurland (Gudvangen), som gjennom Hordalandsavtalen har rett til vidaregåande opplæring i nabofylket.

111 søkjarar med rett til vidaregåande opplæring står utan tilbod etter første inntaksrunde. I tillegg står fleire søkjarar utan ungdomsrett på venteliste. Det er 269 ledige skuleplassar i Sogn og Fjordane, om lag halvparten av desse plassane er på vg2.
Tabellar etter første inntak.

Tabellar etter første inntak.
For meir informasjon
Tor-Einar Holvik Skinlo
assisterande fylkesdirektør for opplæring
tlf. 57 65 62 07 / 958 39 029
e-post: tor-einar.holvik.skinlo@sfj.no

Publisert av: Ingvild Ramstad
Dato: 8. juli 2014 - kl. 11:10