Stryn vidaregåande skule

Den kulturelle skulesekken "TRAVERSE"


Fredag 7.mars får elevane på VG2 og VG3 sjå teaterframsyninga "Traverse".
Framsyninga vert frå kl. 12.30 - 13.30 i Stryn Kulturhus.

Sjå omtale på neste side

TRAVERSE

Mellom fantasi og røyndom
Ei hemmeleg fantasiverd blir den einaste vegen ut av den einsame, litt galne mannen sin rutineprega kvardag. Ein irriterande draum om det monotone og spenningslause livet forstyrrar flukta hans frå dagleglivet. Han forstår ikkje at dei mekaniske rutinane som vert gjentekne og gjentekne meir og meir viskar ut grensa mellom røyndom og fantasi.
Dans, musikk og mime
I framsyninga møter vi to perkusjonistar og to dansarar der musikken og koreografien smeltar saman og skapar rytmiske bilete inspirert av situasjonar i kvardagslivet. Musikarane og dansarane kryssar kunstnarlege uttrykksgrenser, og resultatet av dette er både morosame, men kanskje også litt pinlege situasjonar.
Kompaniet Cie Arcosm turnerer i Europa med førestillingar av høg kvalitet. Musikk, dans og mime er her integrert i kvarandre på ein ny og forfriskande måte, og presenterer ei vakker, varm, morosam, sår og absurd framsyning.
Om utøvarar og produsentar
•Arrangert av : Sogn og Fjordane fylkeskommune •Kunstnarar/grupper: Traverse
--------------------------------------------------------------------------------
Medverkande
•Matthieu Benigno (Perkusjon)
•Anne-–Cécile Chane-–Tune (Dans)
•Clément Ducol (Perkusjon)
•Emilien Gobard (Mime)