Stryn vidaregåande skule

Den kulturelle skulesekken


Korleis er det å leve under dronane? Og korleis er det å drepe menneske på andre sida av jorda med ein joystick?

Ondag 11.november får elevane på VG1 sjå filmen "Drone" i Stryn kulturhus kl. 12.45.


drone

Dokumentarfilmen «Drone» tek oss med til innsida av den hemmelege dronekrigen CIA har ført, og fører, blant anna i Pakistan. Vi møter menneske som lever under dronane, og dronepilotar som slit med vanskelege kjensler rundt det å drepe menneske med ein joystick frå USA.

Dronepilot med rundt på skulane

I regi av den Den kulturelle skulesekken (DKS) skal filmen visast for alle som går førsteåret ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Med på turneen blir både regissør Tonje Hessen Schei og tidlegare dronepilot Brandon Bryant.

Første skule ut er Årdal vidaregåande skule 28. oktober. Turneen held fram til 13. november, då siste filmframsyning finn stad på Eid.

Dokumentar som sjanger

DKS-koordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune Øyvind Høstaker er svært nøgd med at Sogn og Fjordane er eitt av dei første fylka som skal ha filmen ut på turné i skulesekken:

– Det er viktig for oss å vise filmar som kan gje elevane innsikt i og kunnskap om dokumentarfilmen som sjanger. «Drone» kan gje elevane høve til å diskutere korleis røyndomen blir formidla, og kan stimulere til diskusjon og refleksjon rundt tema som er aktuelle i samtida, seier Høstaker.

Filmen vann tidlegare i haust Amandapris for beste dokumentarfilm og har også vunne fleire andre prisar.

Drap 1600 på under to år

Den tidlegare dronepiloten Brandon Bryant er ein av dei som fortel historia si i filmen. Frå 2007 til 2011 opererte Bryant dronar i det amerikanske forsvaret. Rapportar det amerikanske forsvaret har lagt fram, viser at skvadronen til Bryant på under to år skal ha drepe 1600 menneske i Afghanistan, Irak, Jemen og Somalia.

Bryant ville ikkje lenger ha noko med dronekrigføringa å gjere då kontraktstida hans gjekk ut i 2011. No jobbar han for at problemstillingane rundt krigføring med dronar skal bli kjent for fleire, og takka difor ja då regissør Tonje Hessen Schei bad han om å delta i dokumentarfilmen hennar.

Svarer på spørsmål frå elevane

Bryant har vore mykje omtalt også i norske media etter at han i 2012 gjekk ut i det tyske magasinet Der Spiegel og kritiserte dronekrigføringa. Mellom anna var han gjest i programmet Lindmo på NRK1 hausten 2014. Tidlegare denne månaden var Bryant i Tyskland for å motta prisen Whistleblower of the Year, som vert delt ut av International Association Of Lawyers Against Nuclear Arms.

Bryant skal saman med regissør Schei snakke med elevane om det dei får sjå i filmen, og elevane kan stille spørsmål både om det dei har sett og om det å lage ein dokumentar. Det ligg til rette for eit tett møte med ei sterk og aktuell problemstilling.

Meir om Den kulturelle skulesekken

Publisert 21. oktober 2015 av Birthe Johanne Fredheim Finstad | Oppdatert 02. november 2015