Stryn vidaregåande skule/Elev og føresett/Reglar og rutinar/Fråvær/Dokumentert fråvær

Dokumentert fråvær

Eleven kan få karakter med eit større fråvær enn 10 prosent dersom ho eller han kan dokumentere at fråværet skuldast grunnar som kan gje slikt unntak.

  • Dokumentert fråvær: kan gje fritak frå 10 prosent-regelen.
  • Udokumentert fråvær: blir alltid ført på vitnemålet og tel inn på fråværsgrensa.

Kva kan vere dokumentert fråvær?

  • Helse- og velferdsgrunnar
  • Arbeid som tillitsvald
  • Politisk arbeid
  • Hjelpearbeid
  • Lovpålagt oppmøte
  • Representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå
  • Køyreopplæring. Sjå eige avsnitt under.

Anna fråvær frå undervisning vert ført som fråvær uavhengig av om det kan dokumenterast eller ikkje. Til dømes vil fråvær grunna ferie og køyretimar telje innafor 10 prosent-grensa. Har eleven brukt opp desse 10 skuledagane med fråvær, blir nytt dokumentert fråvær ført og tel opp mot 10 %-grensa.
Det er berre heile dagar som kan førast som dokumentert fråvær og då strykast.

Køyreopplæring

Følgjande køyreopplæring kan sjåast på som dokumentert fråvær:

  • 4 timar obligatorisk tryggleikskurs på bane
  • 5 timar praktisk øving i køyring på landeveg
  • 4 timar undervisning i planlegging og køyring i variert trafikkmiljø, der minimum 3 timar skal være sjølvstendig køyring i variert trafikkmiljø, resterande tid skal nyttast til planlegging og oppsummering

Reiseveg vil som hovudregel vere ein del av det dokumenterte fråværet.

Fråværsgrense 15 %

I nokre særtilfelle der dokumentasjon av fråværsårsaka er svært komplisert, kan rektor avgjere at grensa vert 15 %. Ved fråvær utanom punkta overfor på over 15 % vert det ikkje grunnlag for karakter sjølv om eleven har delteke på alle prøvar. I tillegg til fråværsgrensa må eleven og ha delteke aktivt slik at lærar har grunnlag for å sette karakter. Frammøte er ikkje garanti for karakter.

Udokumentert fråvær

Alt fråvær som eleven ikkje leverer dokumentasjon for, er udokumentert. Alt udokumentert fråvær blir ført på vitnemålet og tel inn på fråværsgrensa.

Døme på udokumentert fråvær

  • bortvising fra undervisning
  • ferie ​

Fråvær på vitnemål og kompetansebevis

Hovudregelen er at alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråværet skal førast som dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje gjerast om til dagar.
Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset.

Dokumentert fråvær

Sjukdom

Sjukdom er dokumentert fråvær. Dette gjeld både fysiske eller psykiske helsegrunnar, kronisk sjukdom eller funksjonshemming. Fråværet kan bli unnateke frå fråværsgrensa frå første time, men kan ikkje strykast frå vitnemålet før etter tredje dag. Fråvær på grunn av kronisk sjukdom eller funksjonshemming kan strykast frå første dag.

Gyldig dokumentasjon er legeerklæring eller dokumentasjon frå annan sakkundig, som til dømes fysioterapeut, tannlege eller psykolog. Det er ikkje nok med berre eigenmelding frå foreldre eller myndige elevar.

Rådgjeving og PP-tenesta

Rådgjeving, som sosialpedagogisk rådgivning og tid hjå PP-tjenesta, skal ikkje reknast som fråvær. Dette er rettigheiter eller tilbod som eleven har og som er regulert i opplæringslova.

Velferdsgrunnar som bryllup og gravferd

Gyldig dokumentasjon er ei stadfesting av årsaka skrive av ein person med kompetanse til å vurdere fråværsårsaka. Om det er vanskeleg, kan det vere nok med ei stadfesting frå foreldre eller myndige elevar for velferdsgrunnar.

Verv, hjelpearbeid eller arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå

Verv som tillitsvald, politisk arbeid, hjelpearbeid eller representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå, til dømes idrett eller kultur, kan vere dokumentert fråvær.

Gyldig dokumentasjon er ei erklæring eller stadfesting frå ein organisasjon, til dømes politiske organisasjonar, hjelpeorganisasjonar eller idrettsorganisasjonar.

Vitne i rettsak

Gyldig dokumentasjon er erklæring eller stadfesting, til dømes frå domstolen.

Heilagdagar for trussamfunn utanfor Den norske kyrkja

Gyldig dokumentasjon er ei erklæring eller stadfesting frå trossamfunnet.

Organisert studiearbeid

Sjølvstendig studiearbeid og skuleadministrativt arbeid, t.d. elevrådsarbeid, allmøte for elevane reknast ikkje som fråvær. Det er ein føresetnad at slikt arbeid skal vere godkjent av skulen eller faglærar. Om arbeidet ikkje er avtalt med skulen eller faglærar, vil dette vere fråvær.

Kva er udokumentert fråvær?

Andre typar fråvær enn dei i lista over er alltid udokumentert fråvær.

 

Tips ein ven Skriv ut