Drømmeskolen, gullbillettar og påskenøtter


Fredag før påske vart ressursgruppa for Drømmeskolen presentert for elevar og tilsette under den felles påskeavslutninga.
Det vart ei flott stund med påskenøtter og feiring av elevpresentasjonar innan ulike område siste månadane.

Fantastisk kjekk påskeavslutning
Siste fredagen før påske vart ein minnerik og kjekk dag for alle ved Stryn vidaregåande skule.
Fredagen starta med den store gullbillettjakta. 12 gullbillettar var gøymt rundt om på skulen, og sjeldan har det vore så mykje aktivitet før klokka vart 9! Alle leita høgt og lågt, smil og latter sat laust, og alle var spente på om dei ville vere dei heldige finnarane av ein gullbillett!
Gullbillettane kunne vekslast inn i påskeegg «fullspekka» med godteri. Bilete av dei 12 heldige f(v)innarane ser du under:
Klokka 14 var det tid for allmøte og påskeavslutning i kantina. Her samlast alle elevane og tilsette for ei koseleg stund før det var tid for påskeferie.
Under allmøtet vart det informert om programmet Drømmeskulen som skal innførast ved skulen frå hausten 2014.
Drømmeskulen er utvikla av organisasjonen Vaksne for barn, og er ein skuleomfattande modell for å jobbe med det psykososiale læringsmiljøet ut i frå eit helsefremjande perspektiv. Målet er å utvikle ein skule der elevane blir sett og får brukt ressursane sine i eit læringsmiljø som fremjar god psykisk helse for kvar enkelt elev. Drømmeskulen skal bidra til å gje rammer og verktøy for eit heilskapeleg arbeid med det psykososiale læringsmiljøet, og styrke skulen og den enkelte lærar sin kompetanse og moglegheit til å fremje dette innanfor ordinære rammer, og sist men ikkje minst styrke elevane si tilhøyrsle, deltaking, kompetanse og motivasjon.
For å få implementert programmet ved skulen vår, er det oppretta ei ressursgruppe. Denne gruppa vart presentert under allmøte. Den består av representantar frå leiing, miljø- og rådgjevingstenesta, pedagogar, reinhald- og driftspersonale og elevrådet. I tillegg fekk elevane informasjon om elevmentorrolla, og korleis dei kan søkje for å få bli dette komande skuleår.
Det er ein sentral idé i Drømmeskulen at elevane skal vere aktørar i skulen sitt arbeid med det psykososiale miljøet. Elevmentorane er derfor hjartet i modellen. Deira hovudoppgåve er å bidra til at medelevar føler seg sett og ivaretekne når dei er på skulen.
Viktige oppgåver vil vere å
· ta imot nye elevar når dei byrjar på skulen
· bidra til å skape samhald og gode relasjonar i nye klassar
· lage aktivitetar på skulen som skapar inkluderande møteplassar
· delta på foreldremøte for si mentorklasse

Elevmentorane får verktøy og rettleiing i korleis dei kan bidra til å skape tryggleik, tilhøyrsle og motivasjon blant elevane på skulen. Dei får ei heilt spesiell rolle som førebilete for andre elevar.
Drømmeklassen er eit arbeid som blir gjennomført i alle nye vg1 klassar på skulen vår til hausten. Målet med Drømmeklassen er å skape eit godt og positivt klima i klassen, som fremjar læring. Det er viktig å byrje å arbeide med klassemiljøet så tidlig som mogleg ved skulestart. Drømmeklassen består av to delprosessar, Drømmeklassen1 og Drømmeklassen2, samt jamleg oppfølging gjennom heile skuleåret. Prosessane blir leia av nokon frå ressursgruppa, og elevmentorane bidreg i dette arbeidet i si mentorklasse. Kontaktlærarane vert ansvarlege for oppfølging av arbeidet i den daglege skulekvardagen.
Etter informasjonen om Drømmeskulen, var det tid for gratulasjonar og god påskehelsing frå rektor.
påske
Rektor heidra elevane for flotte prestasjonar både i kjemi-OL, praksis hjå bedrifter og på idrettsbane og landslag. Etter gode ord var det tid for marsipankake til alle og «Oppdrag Påskenøtter». Elevane sat samla klassevis saman med sine kontaktlærarar. Dei kosa seg med velsmakande kake samtidig som dei i god gammaldags påskenøtt-stil skulle kome fram til løysingsordet ved å løyse fleire deloppgåver. Klassane jobba hardt og elevane var kjempeflinke! Det var fleire klassar som klarte å kome fram til løysingsordet, og det vart til slutt trekning for å finne vinnar-klassen.
2STA vart dei heldige vinnarane av ei stor påskekorg.
Tips ein ven Skriv ut