Stryn vidaregåande skule

Drømmeskolen


Mandag 3.juni hadde ressursgruppa for Drømmeskolen opplæring til 16 elevmentorarar.
Mentorane vart kursa og gjort klar til å ta i mot spesielt VG1 elevane til skulestart.

Det er ein sentral idé i Drømmeskulen at elevane skal vere aktørar i skulen sitt arbeid med det psykososiale miljøet. Elevmentorane er derfor hjartet i modellen. Deira hovudoppgåve er å bidra til at medelevar føler seg sett og ivaretekne når dei er på skulen.
Viktige oppgåver vil vere å
· ta Ta imot nye elevar når dei byrjar på skulen
· bi Dra til å skape samhald og gode relasjonar i nye klassar
· lg Lage aktivitetar på skulen som skapar inkluderande møteplassar
· d Delta på foreldremøte for si mentorklasse

mentor 4

Nyutdanna mentorar

Elevmentorane får verktøy og rettleiing i korleis dei kan bidra til å skape tryggleik, tilhøyrsle og motivasjon blant elevane på skulen. Dei får ei heilt spesiell rolle som førebilete for andre elevar.
Drømmeklassen er eit arbeid som blir gjennomført i alle nye vg1 klassar på skulen vår til hausten. Målet med Drømmeklassen er å skape eit godt og positivt klima i klassen, som fremjar læring. Det er viktig å byrje å arbeide med klassemiljøet så tidlig som mogleg ved skulestart. Drømmeklassen består av to delprosessar, Drømmeklassen1 og Drømmeklassen2, samt jamleg oppfølging gjennom heile skuleåret. Prosessane blir leia av nokon frå ressursgruppa, og elevmentorane bidreg i dette arbeidet i si mentorklasse. Kontaktlærarane vert ansvarlege for oppfølging av arbeidet i den daglege skulekvardagen.
Tips ein ven Skriv ut