Stryn vidaregåande skule

Ein eventyrleg skuledag i eit av verdas finaste klasserom


Det vart ein skuledag utanom det vanlege sist tirsdag for elevane på VG2 Reiseliv og VG2 Sal, service og sikkerheit ved Stryn vidaregåande skule.

På timeplanen stod studiebesøk på Caribbean Princess, eit av verdas største og mest eksklusive cruiseskip. Les meir.....

Ein eventyrleg skuledag i eit av verdas finaste klasserom

Det vart ein skuledag utanom det vanlege sist tirsdag for elevane på VG2 Reiseliv og VG2 Sal, service og sikkerheit ved Stryn vidaregåande skule. På timeplanen stod studiebesøk på Caribbean Princess, eit av verdas største og mest eksklusive cruiseskip.

Sølve Oldeeide , Operating Manager i Nordfjord Hamn hadde klarert studiebesøket på førehand og secturiasansvarlege på skipet Caribbean Princess imøtekom audiens for elevar og lærarar .

Det var godt førebudde elevar som møtte på kaia i Olden tirsdag morgon. No var det viktig å følgje med på alt som skjedde og ikkje minst korleis ein skulle te seg Elevane fekk vere med på prosedyrar og sikkerheitstiltak før skipet sin innkomst til kaia. Det vart ei magisk oppleving Caribbean Princess manøvrerte seg inn fjorden i tjukk haustskodde med kraftig tåkelur. No var det berre å spasere ut av læreboka i Sikkerheitsfaget og rett inn i den verkelege verda.

p

På timeplanen utover føremiddagen stod innføring i internasjonalt regelverk, sikkerheitsklarering og scanning i portane ut og inn frå båten. Caribbean Princess har ein kapasitet på inntil 3142 gjester, så her vart det hektisk då gjestane skulle nytte tida til utflukter til Briksdalen, Lodalen, Oppstryn eller berre rusle gatelangs inne i Olden. Caribbean Princess har 60 tilsette som arbeider som vektarar og ivaretek sikkerheita på båten, dag og natt. Elevane fekk følgje med vektarane på rutineoppdrag rundt i båten, og måtte då kle og te seg som ein verkeleg vektar.

Oldeeide var med elevar og lærarar heile dagen der dei vart guida gjennom skipet sine mange etasjar og fasilitetar, downstairs and upstairs . Caribbean Princess med sine nærmare 1200 tilsette har 10 restaurantar med ulike tilbod , sjølvsagt på gourmetnivå. I dei mange loungane var design og interiør sett i hovudfokus. Her var det gull og glitter, trendy og tidsmessig innreiing. Elevane merka seg også at det ikkje var eit støvkorn å finne nokon plass, overalt var det blankpolert og skinnande. Skipet hadde 5 badebasseng, spa og eit spekter av tilbod for helse, velvære og rekreasjon. Det var og lagt stor vekt ulike aktivitetstilbod og ikkje minst underhaldningstilbod som nattklubbar, Casino, barar, innan og utandørs kino og ulike show.

p

Vi hadde sendt inn ønskje vedrørande fagleg agenda til skipet på førehand slik at dagen skulle få best muleg fagleg relevans for elevane. Kyler Mann, Future Cruise Consultant stod for omvisinga og elevane sin «spørjetime». I tillegg til totalkonseptet Caribbean Princess var sikkerheitsrutinar, servicekrav, kvalifikasjonskrav og personlege eigenskapar hos personalet, kvalitetskrav på produkt , marknadsføring og produktutvikling tema som vart sett fokus på i den faglege delen. Når det er ein tilsett per 3 gjester seier det seg sjølv av servicekravet om bord på Caribbean Princess ligg på eit svært høgt nivå. Her var det mykje lærdom å hente som vert nyttig å bruke i opplæringa på skulen ut over hausten og vinteren.

Elevar og lærarar vart inviterte på lunch i ein av skipet sine restaurantar, buffé med smakar frå heile verda , ei gourmetoppleving i eit estetisk miljø og internasjonal atmosfære.

p

Caribbean Princess segla majestetisk ut frå Olden i strålande haustver, ei magisk oppleving sett i kontrast til morgontåka ved innsegling til Olden, for både fastbuande, gjestar og tilsette på skipet.

Takk til Sølve Oldeide, Operating Manager i Nordfjord Hamn IKS som var med på legge til rette for denne eventyrlege skuledagen i eit av verdas finaste klasserom!

Sjå video frå Caribbean Princess

Johanne Elisabett Sørdal

Utviklingsleiar

Stryn vidaregåande skule

Tips ein ven Skriv ut