Stryn vidaregåande skule

Eksamen i vidaregåande opplæring

Eksamen i vidaregåande opplæring

Informasjon om privatisteksamen

Klage på karakter
Elevane ved dei vidaregåande skulane kan klage på alle karakterar – både eksamen- og standpunkt – som skal førast på vitnemålet. Klageretten gjeld også viss du ikkje får standpunktkarakter.
Du har rett til å krevje grunngjeving for karakteren før du bestemmer deg om du vil klage. Retten til grunngjeving gjeld ikkje på skriftleg eksamenskarakter.
Korleis klager du?
Klagen må vere skriftleg og underteikna, helst skriven på PC og datert. Alle typar klager skal leverast til rektor, som sender denne vidare. Privatistar og praksiskandidatar sender klagen til eksamenskontoret:
Eksamenskontoret
Postboks 524
6803 Førde
Viss du klager på standpunktkarakter, eller på karakter til munnleg eksamen, skal klagen grunngjevast. Dersom du klager på karakter til skriftleg eksamen, er ikkje dette naudsynt. Ved munnleg og praktisk eksamen kan det berre klagast på formelle feil.
Klagefrist
Klagefristen er ti dagar. Fristen vert rekna frå det tidspunkt du eller dine føresette (viss du er under 18 år) er gjort kjende med karakteren, eller burde ha gjort dykk kjende med han.Viss du ber om grunngjeving for karakteren, vert klagefristen avbroten. Fristen byrjar å løpe igjen når du har fått grunngjevinga.
For meir informasjon, ta kontakt med eksamenskontoret@sfj.no.