Bilde av elev- og lærlingeombod i Vestland.

Elev og lærlingombod

Det er to elev- og lærlingombod i Vestland fylkeskommune: Sigrid Isdal og Venke Nordeide. 

Elev - og lærlingombod jobbar for at elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring skal få oppfylt rettane sine og få medverke. Hjå elev - og lærlingombodet kan elevar og lærlingar få råd, rettleiing og støtte. Ombodet føl opp førespurnader og saker, og skal vere med på å kvalitetssikre opplæringa i skule og lærebedrift. Ombodet skal også vere ein pådrivar for at dei som jobbar med vidaregåande opplæring oppfyller pliktene dei har etter opplæringslova.  

I juni vedtok fylkestinget i Vestland nytt mandat for både elev- og lærlingombodet i Vestland og mobbeombodet i Vestland. I følgje nytt mandat, har ikkje mobbeombodet i Vestland elevar i vidaregåande skule i si målgruppe. Elev- og lærlingombodet har alltid arbeidd med saker som omhandlar eleven sin rett til eit trygt og godt skulemiljø, og kjem også til å halde fram med dette. Elev- og lærlingombodet samarbeider framleis med mobbeombodet. Her finn du ombodet sitt mandat: (www.vestlandfylke.no/elevoglarlingombod)  

Venke Nordeide er kontaktperson for tidlegare Sogn og Fjordane. Kontaktinformasjon finn du her: Kontaktinfo

Du finn meir informasjon om og kontaktinformasjon om dei to omboda på nettsida til Vestland fylkeskommune.