Stryn vidaregåande skule

Elev- og lærlingombodet kjem til Stryn vidaregåande skule


Tirsdag 21.oktober kjem Elev- og læringombodet Venke Nordeide til Stryn.
Har du spørsmål om rettar og plikter som elev eller som framtidig lærling? Då er det berre å ta kontakt med ho.
Det vert samling i Auditoriet for alle elvane på VG1 klokka 11.30-11.50.
I tillegg kan du treffe Venke i Kantina frå kl. 12.20 og ein god time framover.

Elev- og lærlingombodet i Sogn og Fjordane
Vidaregåande opplæring
Kva kan ombodet gjere for deg som elev eller lærling?
• Bidra til å styrke medverknad i opplæringa
• Informere om rettar og plikter
• Ivareta dine interesser
• Gje råd og rettleiing
• Motivere til samfunnsengasjement
• Arbeide med mobbesaker
Kvar kan du treffe ombodet?
Elev- og lærlingombod Venke Nordeide kan du
kontakte på følgjande måte:
Telefon: 995 41 913
E-post: venke.nordeide@sfj.no
Facebook: Elev- og lærlingombodet i Sogn og Fjordane
Adresse: Sogn og Fjordane fylkeskommune
Fylkeshuset, Askedalen 2
6863 Leikanger

ve
Kven kan kontakte ombodet?
Elevar, lærlingar, lærekandidatar, føresette og andre som har spørsmål eller saker som de ønskjer å ta opp. Du kan trygt kontakte ombodet, som har teieplikt!