Stryn vidaregåande skule

Elev- og lærlingombodet og Elevorganisasjonen til Stryn vidaregåande skule 23.september


Onsdag 23.september kjem Elev- og læringombodet, Venke Nordeide til Stryn. Venke kan svare deg på spørsmål om rettar og plikter som elev eller som framtidig lærling.

Du kan også treffe representantar frå Elevorganisasjonen.
Meir informasjon og plan for dagen på neste side.

ONSDAG 23. SEPTEMBER kjem ELEVORGANISASJONEN og ELEV- OG LÆRLINGOMBODET til Stryn vidaregåande skule

Program for dagen:

Kl. 11.10 – 12.00: Elevorganisasjonen informerer og har opplegg for heile elevrådet i det vesle auditoriet. (Alle tillitsvalte skal møte)

Kl. 12.10 – 12.25: Elev- og lærlingombod, Venke Nordeide informerer vg2 yrkesfag om lærlingtid og ombodsordning i det store auditoriet.

Kl. 12.25 – 12.40: Elev- og lærlingombod, Venke Nordeide informerer alle vg1-elevane om elevombodsordninga i det store auditoriet.

Elev- og lærlingombodet er i tillegg tilgjengeleg for elevane gjennom heile skuledagen. Ho blir å finne på møterom 2239 i overgangen mellom fløy 1 og 2.

Elevorganisasjonen elevorg


Elev- og lærlingombodet i Sogn og Fjordane

Vidaregåande opplæring venke 2

Kva kan ombodet gjere for deg som elev eller lærling?

• Bidra til å styrke medverknad i opplæringa

• Informere om rettar og plikter

• Ivareta dine interesser

• Gje råd og rettleiing

• Motivere til samfunnsengasjement

• Arbeide med mobbesaker

Kvar kan du treffe ombodet?

Elev- og lærlingombod Venke Nordeide kan du

kontakte på følgjande måte:

Telefon: 995 41 913

E-post: venke.nordeide@sfj.no

Facebook: Elev- og lærlingombodet i Sogn og Fjordane

Adresse: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkeshuset, Askedalen 2

6863 Leikanger

Kven kan kontakte ombodet?

Elevar, lærlingar, lærekandidatar, føresette og andre som har spørsmål eller saker som de ønskjer å ta opp. Du kan trygt kontakte ombodet, som har teieplikt!