Stryn vidaregåande skule

Elev-pc for deg som startar vidaregåande skule til hausten


Skal du byrje på vidaregåande skule til hausten?
Då treng du ei berbar datamaskin frå første skuledag.
Du kan kjøpe elev-pc gjennom Sogn og Fjordane fylkeskommune.Les meir på neste side.

Prisen på ei berbar datamaskin i elev-pc-ordninga til fylkeskommunen kostar det same som tre gonger minste sats for utstyrsstipendet til Lånekassen kvart skuleår (946 kr gonger tre). Du kan også velje å kjøpe ein Mac eller ein kraftigare pc-modell gjennom ordninga, men då må du leggje litt ekstra pengar i det sjølv.

Ordninga med elev-pc gjeld for vg1-elevar ved alle dei offentlege vidaregåande skulane. Fylkeskommunen har oppretta ein eigen nettbutikk, der du kan bestille maskin alt no.

Dersom du vil ha maskina til skulestart, må du bestille innan 27. juni. Om du vil vente til etter inntaket 8. juli med å bestille, er du ikkje garantert å få maskina innan skulestart.

Det er opp til deg om du vil nytte ordninga eller om du vil kjøpe berbar datamaskin andre stader. Det viktige er at alle elevar skal stille med berbar datamaskin frå første skuledag. Om du allereie har ei god berbar datamaskin, kan du bruke denne i staden for å kjøpe ny.

Les alt om ordninga, sjå modellane og registrer deg i nettbutikken på www.sfj.no/elevpc.


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 10. juni 2014 - kl. 09:29