Stryn vidaregåande skule

Elevane i Sogn og Fjordane mest fornøgde med lærarane


Resultata frå den store elevundersøkinga for 2013 syner at elevar her i fylket meiner læraren oftare hjelper dei å forstå det dei skal lære, enn elevar andre stadar i landet.

Elevar i både grunnskule og vidaregåande skule vart konfronterte med denne påstanden i elevundersøkinga: «Læraren hjelper meg slik at eg forstår det eg skal lære». Dei skulle så seie kor einige eller ueinige dei var i denne påstanden – på ein skala frå ein til fem.

God samhandling mellom elevar og lærarar
Svara til elevane i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane enda samla sett på 3,9 – mot landsgjennomsnittet på 3,7. Elevane i fylket svarer også at det er meir ro i timane her enn i resten av landet. Gjennomsnittet for landet er 3,5, medan Sogn og Fjordane ligg på 3,7.

– Vi har over fleire år sett at samhandlinga mellom elevar og lærarar fungerer tilfredsstillande i Sogn og Fjordane. Vi har kompetente lærarar, som er opptekne av å gje kvar enkelt elev individuelt tilpassa opplæring, seier fylkesdirektør for opplæring Bekka Skaasheim.

Ho strekar under at elevundersøkinga er ein god måte å få fram elevperspektivet på – og vidare nytte dette for å få til auka læring for alle.

Positiv samanheng mellom læringsmiljø og resultat
På alle spørsmål omkring læringskultur og støtte frå lærarane, svarer elevane i Sogn og Fjordane konsekvent 0,1 og 0,2 poeng over landsgjennomsnittet. I tillegg scorar elevane i fylket høgt på nasjonale prøvar, og dei har høgast gjennomføring i vidaregåande opplæring.

– Det er påvist ein positiv samanheng mellom læringsmiljøet til elevane og resultata dei oppnår. Difor trur vi ikkje det er tilfeldig at elevane våre konsekvent ligg over landsgjennomsnittet, seier Sissel Espe, rådgjevar hjå fylkesdirektøren for opplæring.

Sjølv om Sogn og Fjordane kjem godt ut på ein del område, har vi ting å ta tak i også her i fylket. Samla sett ser fylkesdirektøren vi har utfordringar på når det gjeld til dømes «elevdemokrati og medverknad», «utdanning og yrkesrettleiing» og «vurdering for læring».

Dale best i landet på elevmedverknad
Fleire enkeltskular i Sogn og Fjordane utpeiker seg elevundersøkinga. Blant anna kjem Dale vidaregåande skule best ut av dei offentlege vidaregåande skulane i landet når det gjeld elevmedverknad.

Elevane ved fleire av skulane i fylket er også godt nøgde med nivået av faglege utfordringar i skulekvardagen. Skulane Firda, Hafstad og Dale utpeiker seg spesielt på dette området. Det er også verdt å merke seg at jentene jamt over uttrykkjer at dei har større faglege utfordringar enn gutane.

Elevundersøkinga obligatorisk for alle på vg1
Målet med elevundersøkinga er at elevane skal få seie meininga si om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga vert nytta av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen for å analysere og utvikle læringsmiljøet. Elevundersøkinga er obligatorisk for elevar som går første året i vidaregåande opplæring.

Alle resultata frå elevundersøkinga 2013 finn du på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

For meir informasjon
Sissel Espe
rådgjevar opplæringsavdelinga
tlf.: 48 15 26 38
e-post: sissel.espe@sfj.no



Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 6. juni 2014 - kl. 10:18
Tips ein ven Skriv ut