Stryn vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester

Elevteneste

Stryn vidaregåande skule er oppteken av å vere tett på elevane, tidleg. Vi vil at alle elevar skal ha ein god skulekvardag. For å få til dette er det bra å ha trygge vaksne som kan hjelpe til med smått og stort.

Team for elevteneste

Skulen har arbeidd strategisk på ei rekkje område for å nå målsettinga om gode elevresultat og høg gjennomføring. Dyktige pedagogar, gode samarbeidsrelasjonar med lokalt og regionalt arbeids,- nærings- og samfunnsliv er avgjerande faktorar. På same tid har skulen sett sterkt fokus på godt elevmiljø og god trivsel. Team for Elevteneste fungerer som ein overliggande «paraply» i kvardagen, og har knytt til seg kompetansepersonar på ulike område både internt og eksternt. Dette er med på å bygge trygge rammer rundt eleven.

Uteområde

Vi  jobbar for å tidleg fange opp saker som gjeld alle elevar og vi er sikra samarbeid mellom elevtenesta og leiargruppa. Elevtenesta samlast kvar veke for å ta opp, diskutere og/eller fordele saker mellom ressurspersonar. Vi hentar og inn eksterne ressurspersonar om det er behov for dette.

Kontakt

Kari Nyberg.jpg

Leiar for elevteneste
Kari Vigdis Teigen Nyberg
909 99 987