Stryn vidaregåande skule

Elevundersøkinga


Elevundersøkinga er ei årleg nasjonal undersøking der elevane gir tilbakemelding om viktige forhold som gjeld motivasjon, læring, trivsel o.a. i skulekvardagen.
På Stryn vidaregåande skule gjennomfører vi undersøkinga i veke 48/49.
På neste siide finn du meir informasjon og lenkje til påloggingssida .

Du får utdelt personleg brukarnamn. For å logge inn, klikk HER

For å få eit mest mogeleg rett inntrykk av korleis forholda er på ulike område, er det viktig med god deltaking og at kvar einskild elev gir seg tid til å svare nøyaktig på spørsmåla. Undersøkinga er sjølvsagt anonym.

Føremålet med brukarundersøkingane frå Utdanningsdirektoratet er at elevar, lærarar og føresette skal få seie si meining om læring og trivsel på skolen. Resultata frå brukarundersøkingane blir ikkje sletta, men lagra etter forskriftene, og nytta av skolar, skoleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen som ei hjelp til å analysere og utvikle læringsmiljøet. Data frå undersøkingane kan òg bli brukte til forskingsføremål. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på nettstaden www.utdanningsdirektoratet.no/skoleporten.

Elevundersøkinga er altså ein del av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Lovgrunnlaget for Elevundersøkinga står i forskrift til opplæringslova § 2-3. I samsvar med personopplysningslova § 19 skal skulane informere om føremålet med undersøkinga og kva resultata skal brukast til. Ingen kan tvingast til å delta. Det er likevel viktig at flest mogeleg deltek for at resultata skal bli pålitelege. Det går an å hoppe over spørsmål du av ein eller annan grunn ikkje vil svare på.

Kva tema får du spørsmål om?

Dette kan du lese meir om ved å klikke på denne lenkja: http://www.udir.no/Laringsmiljo/Elevundersokelsen/Om-brukerundersokelsene1/Elevundersokelsen/Om-temaene-i-Elevundersokelsen/?read=1

Informasjon til elevar og føresette:

Les dette før du svarer på Elevundersøkinga

Elevundersøkinga gir deg moglegheit til å seie kva du meiner om læring og trivsel på skolen. Svara blir brukte av skolen, kommunen og staten for å gjere skolen du går på, enda betre.

Svara frå Elevundersøkinga kan brukast av forskarar. Vi viser også nokre av svara på nettsida «Skoleporten».

Korleis blir Elevundersøkinga gjennomført?

Det er frivillig for deg å svare på Elevundersøkinga, men vi håper du vil delta slik at skolen kan bli betre.

Du kan hoppe over spørsmål du ikkje ønskjer å svare på. Vi tek godt vare på svara dine.

Når du svarer på spørsmåla i Elevundersøkinga, skriv du ikkje inn namnet ditt. Verken skolen, kommunen eller staten kan sjå kva du har svart. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara du gir på Elevundersøkinga, blir lagra og brukte på riktig måte.

Dersom du har spørsmål om Elevundersøkinga, kan du spørje læraren din eller gå inn på denne nettsida: www.udir.no/undersokelser.