Stryn vidaregåande skule
Byggfagelev i arbeid    Foto: Stryn vgs

Byggfagelev i arbeid Foto: Stryn vgs

Er du vaksen og ynskjer fagbrev innan bygg- og anleggsteknikk?

Nytt utdanningstilbod der du kan få fagbrev som for eksempel tømrar, betongfagarbeidar, røyrleggar eller målar startar opp til hausten!

Hausten 2021 startar Stryn vidaregåande skule eit utdanningstilbod for vaksne med føremål om fagbrev innan bygg- og anleggsteknikk til dømes som tømrar, betongfagarbeidar, røyrleggar, målar m.m. Utdanninga er 4-årig og kombinerer teori og praksis frå første skuleår, gjennom at du vekslar mellom opplæring i skule og bedrift. Skulen vil i lag med NAV og opplæringskontor skaffe deg praksisplass og læreplass. Det er eit mål at du skal få tilbod om praksisplass nærast mogeleg der du bur.

Døme på opplæringsmodell for tømrar

1. år

2. år

3. - 4. år

Programfag

 

 

 

 

 

Opplæring i bedrift

Praktisk yrkesutøving

X

 

Arbeidsmiljø og dokumentasjon

X

 

Yrkesfagleg fordjuping (YFF)

X

X

Konstruksjonar og klimaskall

 

X

Vinduer, dører og innvendig arbeid

 

X

Materialeigenskapar, varmeisolering og tetting

 

X

Fellesfag

 

 

 

Matematikk

X

 

 

Naturfag

X

 

 

Engelsk

 

X

   X

Norsk

X

X

 

Samfunnsfag

 

 

   X

1. og 2. år vil veksle mellom opplæring i skule og opplæring i bedrift

 

Tilbodet er særleg retta mot minoritetsspråklege vaksne, men er ope for alle vaksne som ynskjer denne kompetansen. Dersom du kan vise til realkompetanse vil du kunne få denne godkjent som del av opplæringa.

For meir informasjon, ta kontakt med Stryn vgs så raskt som råd (med tanke på skulestart til hausten). 

Vi, ved Stryn vidaregåande skule, ynskjer deg hjarteleg velkomen til oss, og vil legge til rette for at du kan nå målet om å utdanne deg innan fagområdet bygg- og anleggsteknikk.

 

 

Elevar arbeider på råbygg   Foto: Stryn vgsElevar i arbeid med forskaling   Foto: Stryn vgs