Tre elevar på byggfag i arbeid

Foto: Reed Foto AS

Fagdag Bygg- og anlegg

Hovudfokus på Fagdagen sist torsdag var å sjå den enkelte elev si rolle i eit større framtidsperspektiv. 

Framtidas byggherrar lærer etisk entreprenørskap på Stryn vidaregåande skule

Ordførar Sven Flo opna fagdagen på Bygg- og anlegg der elevar, faglærarar og relevante aktørar frå både Ungt Entreprenørskap, Stryn Kommune og lokalt næringsliv var samla. Flo sin bodskap til elevane var klar – Det er dei skal «bygge» framtida.

 

Fagdag med framtidsfokus

Hovudfokus på Fagdagen sist torsdag var å sjå den enkelte elev si rolle i eit større framtidsperspektiv.  Som framtidige fagarbeidarar, som ingeniørar eller som bedriftsleiarar som skal bygge framtida og sette spor etter seg gjennom flotte funksjonelle bygg, veganlegg og estetiske uteområde.

Relevante aktørar stod for programmet på fagdagen som vart innleia og ordførar Sven Flo og dagleg leiar Holger Aasen frå Ungt Entreprenørskap. Det vart vidare sett fokus på følgjande tema; Ungt leiarskap, framtidas byggbransje, forventa kvalitet og fagkompetanse, svart arbeid, IA- bedrift og etisk entreprenørskap.

 

Næringslivet som opplæringsarena

Innhaldet på fagdagen er tenkt ligge som ei ramme rundt arbeidet med dei to ungdomsbedriftene på Bygg- og anlegg. Tradisjonelt har elevane teke på seg ulike byggoppdrag i lokalsamfunnet. Gjennom byggoppdraga får elevane kunnskap om og kjennskap til heile byggeprosessen frå oppdraget til kunden, utføring av arbeidsskisse, berekning av materialforbruk og pris. Heile prosessen vert knytt opp mot kompetansemåla i læreplanen. Gjennom utføringa av dei ulike byggoppdraga lærer elevane å knyte teori mot praksis. Oppdragsgivarane i byggprosjekta er mentorar i arbeidet og læraren vert rettleiar til elevane. På denne måten vert elevane  delaktig  i samfunnsansvaret og framtidig verdiskaping.

Byggprosjekta er registrerte som ungdomsbedrifter i Brønnøysundregisteret.  På den måten lærer elevane seg etisk entreprenørskap. Dei får erfare korleis ei bedrift skal drivast , kva reglar som gjeld og ikkje minst alle arbeidsoppdrag skal vere registrerte.

 

Nytenking og verdiskaping

Entreprenørskap i utdanninga er eit samspel mellom mange aktørar. Ungt Entreprenørskap står i eit dynamisk møtepunkt mellom offentlege og private verksemder og mellom utdanning, arbeids- og næringsliv. Gjennom arbeidet med ungdomsbedrifter opplever elevane ein realistisk læringsarena der dei kan prøve ut teori i praksis, og dermed hauste verdifull erfaring. Dette samspelet mellom dei ulike samfunnsaktørane er det unike med Ungt Entreprenørskap. Samarbeid mellom skule og arbeids- og næringsliv gir læringa meining, det byggjer bru mellom teori og praksis og bidreg til å auke kreativiteten og kvaliteten i undervisninga.

 

 

 

Johanne Elisabett Sørdal

Utviklingsleiar

Stryn vidaregåande skule