Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Bygg- og anleggsteknikk/Vegen vidare/Fagskule

Fagskule

Fagskulen i Sogn og Fjordane tilbyr fagskuleutdanning i tekniske og maritime fag.

Teknisk fagskuleutdanning

Fagteknikar

Teknisk fagskule er ei naturleg vidareutdanning for fagarbeidaren. 
Den toårige utdanninga nærmar seg ingeniørstudiet i innhald, men er meir praktisk retta.
Linja for Bygg- og Anleggsfaga i Teknisk Fagskule gjev teknikar- og mellomleiarkompentanse som entreprenørbedriftene har bruk for.

Typiske arbeidsoppgåver for fagteknikaren:                       

  • Berekning
  • Prosjektering
  • Planlegge og koordinere produksjon
  • Innkjøp og personressursar i byggeprosjekt osv..

Sjølv om Bygg- og Anleggsfaga er spesialiserte, har dei også mykje til felles. 
Fagteknikaren innan husbygging, anleggsarbeid og anleggsgartnerverksemd har behov for dei same kunnskapane innan matematikk, stikking og nivellering, materialkunnskap, konstruksjonslære, lover, regelverk og kvalitetsikring.

Studiet er også ein naturleg inngangsport til høgskuleingeniør og sivilingeniørstudiet.

Gå vidare til Fagskulen i Sogn og Fjordane for meir informasjon.

Tips ein ven Skriv ut