Svart-/kvitt-bilete av ei lærebok i matematikk, ein kalkulator, eit viskelær og ei hand som held hardt i ein blyant. Foto: Steven S., www.flickr.com

Svart-/kvitt-bilete av ei lærebok i matematikk, ein kalkulator, eit viskelær og ei hand som held hardt i ein blyant. Foto: Steven S., www.flickr.com

Fantastiske eksamensresultat

Nok ein gong har elevane ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane levert gode eksamenar. Utdanningsdirektoratet har lagt fram førebelse eksamensresultat frå våren 2016. Sogn og Fjordane er det fylket som klart har best resultat.

I 28 fag er karaktersnittet i Sogn og Fjordane over det nasjonale snittet. Statistikken er bygd på førebelse eksamensresultat frå sentralgjeven skriftleg eksamen, med over 1000 elevar og i alt 33 ulike fag. Ved desse eksamenane får alle elevane i landet dei same oppgåvene.

På topp i mange fag

I heile 18 av faga er Sogn og Fjordane beste fylke! Assisterande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo, er særs godt nøgd med resultata.

Dei gode eksamenskarakterane speglar at vi har dyktige tilsette som saman med elevane oppnår gode resultat. Det blir arbeidd godt på dei vidaregåande skulane og vi strekker oss mot fylkestinget si målsetting om å ha den beste opplæringa i landet, seier Skinlo.

På lik line med tidlegare år peikar Sogn og Fjordane seg ut som beste fylke i norskfaga. Ein toppar både i sidemål og hovudmål. I tillegg er resultata for norsk som andrespråk veldig gode. Andre fag som peikar seg ut med særskilt gode resultat er spansk, tysk, sosialkunnskap, politikk og menneskerettar, marknadsføring og leiing, psykologi, matematikk og kjemi.

Utdanningsdirektoratet: Førebelse eksamensresultat frå sentralgjeven skriftleg eksamen.

For meir informasjon

Tor-Einar Holvik Skinlo
ass. fylkesdirektør for opplæring
Tor-Einar.Holvik.Skinlo@sfj.no
958 39 029

Jørund Årdal
Seniorrådgjevar
416 31 280

Tips ein ven Skriv ut