Stryn vidaregåande skule

Fekk usminka innblikk i kvardagen til ein leiar


Rikard Kirkeeide Bøe (19) tidlegare elev på Stryn vidaregåande skule vart plukka ut som ein av 27 som fekk følgje kvar sin toppleiar.
Leiar for ein dag er eit program i regi av Ungt Entreprenørskap.

Onsdag skugga Rikard Villa Kulild, administrerande direktør i NORAD

Tilfelle gjorde at dette skjedde same dag som Melinda Gates var på besøk. Ho er kona til ein gong verdas rikaste mann Bill Gates og er rekna som ei av dei mektigaste kvinnene i verda. Saman leiar Bill og Melinda den humanitære stiftelsen «Bill & Melinda Gates Foundation».
- Å få møte Melinda Gates henger høgt. Ho er ei pen dame med mykje makt og eit stort hjarte, seier Kirkeeide Bøe.
Kirkeeide Bøe ser ikkje bort frå å følgje i fotspora til Melinda Gates om han får mogeligheit til det. Den unge gründeren har allereie lukkast med å få eitt produkt på marknaden, Binderpunch – ei holmaskin til ark - som er liten nok til å få plass i ein ringperm. Men han har ikkje tenkt å late det stoppe med det.
ri
Tilfellet ville ha det til at Melinda Gates - som er gift med Bill Gates og rekna som ei av dei mektigaste kvinnene i verda, var i Oslo same tid. - Å få møte ho heng høgt, seier Rikard Kirkeeide Bøe. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
- Ja, sjølvsagt er det viktig å gje noko tilbake om ein lukkast. Av inntektene frå Binderpunch har eg gitt eit beløp for kvar selde holmaskin til UNICEF. Dei pengane har gått til å finansiere skulebøker.
Travelt
Kirkeeide Bøe fekk erfare at det er travelt å vere toppleiar i ein stor organisasjon som NORAD er. Dagen starta med å helse på Villa Kulild, før det haldt fram i stort tempo. Han fekk ei rask innføring i arbeidet til NORAD, før han deltok på fleire møter på formiddagen. Det vart også tid til ein rask lunsj, før dei måtte skunde seg for å møte Gates og fleire andre samfunnstoppar.
- Det har vore travelt, men det er eg vant med. Det var eit veldig spannande møte, men eg har ikkje lov til å seie så mykje om kva som vart sagt der. Det eg kan seie er at det mellom anna handla om lik tilgang til utdanning for jenter i verda og helse.
Fekk du snakka med Gates?
- Nei, eg fekk ikkje det, men eg presenterte meg sjølv på møtet. Eg fekk òg levert ein Binderpunch holmaskin til ein av medarbeidarane hennar.
Usminka kvardag
Føremålet med «Leiar for ein dag» er å vise unge entreprenørar korleis kvardagen til ein leiar er, og i NORAD så køyrde dei på som vanleg denne dagen. Det var ikkje mogelegheit til lange samtalar mellom Kirkeeide Bøe og toppleiaren, men Villa Kulild håper likevel at skuggen hennar har lært noko om korleis organisasjonen arbeider.
- Me har eigentleg ikkje lagt opp noko spesielt opplegg, tanken er at han skal få innblikk i den usminka kvardagen til ein leiar, seier Kulild.

ri
Villa Kulild, administrerande direktør i NORAD (direktoratet for utviklingssamarbeid) og Rikard Kirkeeide Bøe på Tjuvholmen etter møtet med Melinda Gates.Foto: Harald Skotheim
Eigen herre
Den hemmelegheitsfulle gründeren har fleire planar framover, men vil ikkje fortele nøyaktig kva dei er. Det han er klar på er at han vil vere sin eigen herre, dyrke fram idear og realisere dei.
No arbeidar eg med nye produkt, men eg vil ikkje røpe kva det er. Eg kan seie at det er innan reiseliv.
- Og har dagen vore nyttig?
- Ja, det har den. Den har vore kjekk, lærerik og spannande. Eg har fått opna auga, seier Kirkeeide Bøe.
Kjelde: Sunnmørsposten