Stryn vidaregåande skule

FilmverkstadDen kulturelle skulesekken


I kommande veke vil Den kulturelle skulesekken kome med ein ny produksjon. Denne gongen skal elevane i VG2 få ta del i ein filmverkstad. Elevane vil få innføring i ulike sider ved ein filmproduksjon, og få prøve seg på praktiske oppgåver. Opplegget går over 2x90 min, med ein kort pause på 15 min.
Sjå plan for dei ulike klassene på neste side.

FILMVERKSTAD
Den kulturelle skulesekken
I løpet av fire timar får elevane eit praktisk grunnkurs i film. Dei får innføring i grunnleggande sider ved filmarbeid og hjelp til å utarbeide eigne filmar - frå idear til ferdige produkt. Nettsida Filmhjelp.no er ei støtteside for ungdom om filmproduksjon, og sida vil bli brukt aktivt gjennom heile verkstaden.
Tidspunkt for kvar klasse ser slik ut:
Tidspunkt
Klasse
Mandag 03.02 09.00-12.15
2KT, 2KS
Tirsdag 04.02 09.00-12.15
2HA, 2BL, 2BY
Onsdag 05.02 09.00-12.15
2ID
Torsdag 06.02 09.00-12.15
2STA
Fredag 07.02 09.00-12.15
2STB
Lærarrettleiing
Stortingsmelding og læreplanar
«Å uttrykkje seg med levande bilete og forstå visuell kommunikasjon kan i dagens samfunn likestillast med å lese og skrive.» (St.meld. 38 (2002-2003): Den kulturelle skulesekken). Dette 10 år gamle sitatet har ikkje blitt mindre sant med åra: digital teknologi er i dag ein viktig del av skulekvardag og fritid for elevar og lærarar. I Kunnskapsløftet er digitale ferdigheiter ein av fem grunnleggande ferdigheiter, slik formulert i læreplanen for norsk:
"Å kunne bruke digitale verktøy i norsk er nødvendig for å mestre nye tekstformer og uttrykk. Dette åpner for nye læringsarenaer og gir nye muligheter i lese- og skriveopplæringen, i produksjon, komponering og redigering av tekster. I denne sammenheng er det viktig å utvikle evne til kritisk vurdering og bruk av kilder. Bruk av digitale verktøy kan støtte og utvikle elevenes kommunikasjonsferdigheter og presentasjoner."
I St.meld. 48 (2002-2003): Kulturpolitikk fram mot 2014 heiter det: «Vurdert i høve til publikumsoppslutning på kino, video og fjernsyn er filmen det viktigaste kulturuttrykket i vår tid.»
DIigitale verktøy
Den digitale revolusjonen har gjort filmmediet tilgjengeleg for dei fleste. Med enkle tastetrykk på ein smarttelefon eller eit kompaktkamera kan vi i dag filme med ein kvalitet som for få år sidan berre var muleg for profesjonelle. Dette opnar for mange mulegheiter i opplæringa. "filmhjelp.no - verkstad" vil vise korleis vi kan utnytte kvardagsteknologien til å lage film i ulike sjangrar og fag.

filmhjelp