Innstillinga frå fellesnemnda viser til at blått er å føretrekke og at dette venteleg vil fungere betre over tid. Når det gjeld sølvfargen, kan denne òg visast som kvitt eller grått for eksempel på digitale flatar, slik som på biletet over.

Innstillinga frå fellesnemnda viser til at blått er å føretrekke og at dette venteleg vil fungere betre over tid. Når det gjeld sølvfargen, kan denne òg visast som kvitt eller grått for eksempel på digitale flatar, slik som på biletet over.

Fjordlandskap i blått og sølv for Vestland

Fellesnemnda har i dag innstilt fylkesvåpen for Vestland med eit velkjent motiv i det nye storfylket. Politikarane hadde fleire ulike fargekombinasjonar å velje mellom. Dei gjekk for fargane djup blå og sølv.

Publisert 23.05.2019 av redaksjonen

Innstillinga går no vidare til fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane som skal ta den endelege avgjersla. Fylkestinget i Hordaland finn stad den 12. til 13. juni i Norheimsund, medan fylkestinget i Sogn og Fjordane skal vere i Førde frå 4. til 5. juni. For at fylkesvåpenet som no er innstilt skal gjelde for Vestland, må begge fylkestinga vedta dette.

Open og inkluderande prosess

Fellesnemnda la frå starten i 2017 opp til ein open og inkluderande prosess for utforming av den nye fylkesvåpenet. Ei målsetting for prosjektfasen var å skape engasjement, medverknad og kjensle av identitet blant innbyggjarane i heile det nye fylket. I første runde i den opne innspelsfasa kom det inn over 600 forslag. Motivet som gjekk mest igjen handla om fjord og fjell. Folkefavoritten hadde eit kart som motiv – eit forslag som fagkomiteen vurderte som ikkje eigna.

Det blei òg arrangert ein designkonkurranse der ulike designbyrå utarbeidde motiv på grunnlag av forslag frå fagkomiteen i prosjektet.

Heraldiske prinsipp

På bakgrunn av desse forslaga tilrådde fagkomiteen eit motiv med natur og landskap. Dette blei utgangspunktet for forslaget med fjordlandskap som i dag er innstilt til fylkestinga i dei to fylka.

Alle våpen skal etter den heraldiske tradisjonen bruke éin farge, eitt motiv og eitt metall. Prinsippa er lagt til grunn i innstillinga. Samtidig vil ikkje denne tradisjonen fungere i dagens moderne digitale medium. I vår tid vil fargar i våpen ofte vere baklyste, til dømes på dataskjerm, mobil eller skuleskilt. Då kan det vere tenleg med sterkare kontrastar enn den heraldiske tradisjonen legg opp til. Innstillinga viser til at blått er å føretrekke og at dette venteleg vil fungere betre over tid.

Tips ein ven Skriv ut