Foto som syner to unge gutar på eit storkjøken. Dei er svartkledde og tilberedar mat. Foto: Charlotta Wasteson/www.flickr.com

Foto som syner to unge gutar på eit storkjøken. Dei er svartkledde og tilberedar mat. Foto: Charlotta Wasteson/www.flickr.com

Fleire lærlingar

Fylketinget vedtok 18. oktober at fylkeskommunen skal ha 22 stillingsheimlar for lærlingar og lærekandidatar – mot 14 i dag.

Fylkespolitikarane var samstemde då dei vedtok å auke talet på lærling- og lærekandidatplassar i fylkeskommunen. Fleire slo fast frå talarstolen at offentleg sektor har eit særskilt ansvar her, og at det er avgjerande med læreplassar for at yrkesfagelevar skal få fullføre opplæringa si.

Viktig signal

– Fylkeskommunen må gå føre som eit godt døme. Kommunane er også utfordra, og det er eit utruleg viktig signal at fylkeskommunen er offensiv på dette området, sa Gunn Åmdal Mongstad (Sp).

Fylkeskommunen har eit overordna ansvar for fag- og yrkesopplæringa i Sogn og Fjordane. Samstundes har fylkeskommunen også eit ansvar som arbeidsgjevar, og ein del av samfunnsansvaret er nettopp det å vere lærebedrift.

Følgjer KS

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i dag tolv lærlingar innan for IKT-service - og dataelektronikarfaget , ein lærling i hestefaget og ein lærling i kontor- og administrasjonsfaget. Andre lærefag som kan vere aktuelle for fylkeskommunen er byggdriftarfaget, institusjonskokk og barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Fylkeskommunen følgjer med dette vedtaket opp vedtaket frå landstinget til KS i april, der det vart vedteke at kvar kommune skal ha to lærlingar per 1000 innbyggjar. 22 læreplassar betyr at Sogn og Fjordane fylkeskommune har to læreplassar per 10 000 innbyggjar.

Publisert 18. oktober 2016 av Birthe Johanne Fredheim Finstad

 

Tips ein ven Skriv ut