Stryn vidaregåande skule
Eline og Eirik vidare i Kjemi-OL  Foto: Thomas Taule, Fjordingen

Eline og Eirik vidare i Kjemi-OL Foto: Thomas Taule, Fjordingen

Flott innsats i Kjemi-OL!

Eline Nesdal fekk 85 poeng  i 1. runde i det årlege Kjemi-OL, og vart med det nr 13 av 886 deltakarar! Ho vart i tillegg trekt ut til å vere med på Berzeliusdagarna i Stockholm i januar.

Også Eirik Bjørlo Sandbakk (69 poeng) kvalifiserte seg til runde 2 som går av stabelen 17. februar.

Gratulerer med flotte resultat, og lykke til vidare!