Stryn vidaregåande skule

Flott og lærerik kysttur


Sist veke var elevane på VG1 studieførebuande på kysttur. Lærarane hadde planlagt ulike tverrfaglege faglege opplegg og aktivitetar.
Det strålande forsommarveret inviterte til sosialt samvær både til vanns og på land.

KYSTTUR I STRÅLANDE SOL

Tirsdag 27.05 og onsdag 28.05 var 1STA på klassetur til kysten, nærare bestemt Flatraket i Selje kommune. Kysten viste seg frå si beste side, med sol, varme og berre eit lite vindpust.

st

På programmet var kanopadling, grilling og sosialt samvær. I tillegg vart det fisking og fjelltur for dei som ønskte det. Faglærarane Hans Petter Galtung og Egil Loftesnes bidrog med geografi- og naturfagkunnskapar, medan kontaktlærar Maria Storevik sytte for overnatting og mat. Vi hadde fleire stopp undervegs, der elevane fekk vite meir om olivin på Lefdal, sjå morenar danna av isbrear og Hornelen, Europas høgste sjøklippe (860 m.o.h.). Om kvelden var det kubbspel, kortspel, quiz og fotball med god innsats og høgt lydnivå.
Det var solbrune/-brende og smilande elevar og lærarar som kom heim etter to kjekke dagar med mykje D-vitaminar, lite søvn og havluft i lungene.
Tips ein ven Skriv ut