Stryn vidaregåande skule

Foreldreinformasjon VG2 og VG3


Stryn vidaregåande skule inviterer til informsjonsmøte kl. 18.00 - 20.00

VG3 tirsdag 8.september
VG2 torsdag 10.september

Sjå invitasjon på neste side

Invitasjon til foreldremøte Vg2 og Vg3

Stryn vidaregåande skule har gleda av å invitere deg til foreldremøte på Stryn vidaregåande skule.

Frå Forskrift til Opplæringslova §20-4

«Skulen skal i starten av opplæringsåret på Vg2 halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra...»

Møtet startar med ein fellesdel og held fram med klassevise samlingar der foreldra møter kontaktlærar og lærarane til eleven.

Fellesdelen har følgjande innhald:

· Velkomen v/ konstituert rektor Randi Bjørset

· Generell informasjon

Klassevise samlingar med kontaktlærar :

· Om klassen

· Om arbeidsmetodane

· Om rutinar ved skulen.

· Om samarbeid mellom skule og heim.

· Val av foreldrekontakt.(Gjeld VG2 )

Vel møtt!

Med helsing

Randi Bjørset

Tips ein ven Skriv ut