Stryn vidaregåande skule

Fotball - lidenskap eller galskap?


Tirsdag 28.januar kl.19 er det forfattarbesøk på biblioteket.
Ragnhild Lund Ansnes som har skrive to dei bestseljande bøkene «Liverpoolhjerter» og «Liverpoolhelter» kjem på besøk.
Arrangementet er eit samarbeid mellom biblioteket og Stryn fotball.


Fotball – lidenskap eller galskap?
Ragnhild Lund Ansnes har gått frå å hate fotball til å bli første kvinne i verda til å skrive offisielle klubb-bøker i erkekonservative Premier League.
No brukar ho sine erfaringar frå å ha forska på fotballkulturen og skrive to bøker om Liverpool FC til å motivere ungdomsskuleelevar og folk flest til å følgje draumane sine, til å snakke om viktige sider av det å vere menneske og til å gje eit annleis blikk på kva fotball gjer med folk.
Det starta som ein radiodokumentar for NRK P2 («Du vil aldri gå alene») i 2008 der Ragnhild ønska å finne svar på kvifor hundretusenar av nordmenn er hekta på engelsk fotball og kva fotballen gjer for fansen. Dokumentaren blei den mest høyrde av alle dokumentarar det året. Programskaparen sat med mange hundre upubliserte, sterke historier frå norske Liverpool-fans. Med hjelp av professor i psykologi, Arne Vikan, skreiv ho bestseljaren «Liverpoolhjerter» i 2010.

bib

Det er funn frå denne boka og oppfølgjaren «Liverpoolhelter» (offisiell LFC-bok om korleis det er å vere mennesket bak spelaren i internasjonal toppfotball) samt Lund Ansnes sine fem år på innsida av Liverpool FC som ligg til grunn for ein landsomfattande turne for den kulturelle skulesekken. Ragnhild Lund Ansnes har no sagt opp jobben i NRK P1 for å jobbe heiltid med fotball!
Tysdag 28. januar kl. 19. kjem forfattaren på besøk til Stryn bibliotek. Biblioteksbesøket i Stryn er i samarbeid med Stryn Fotball og er ope for alle. Gratis inngang.
Bloggen til Ragnhild Lund Ansnes http://liverpoolhjerter.no blir lesen i 41 land.
For intervju: Ragnhild Lund Ansnes, tlf. 934 98 043 / liverpoolhjerter@me.com
Info om forfattar, prosjekt og pressebilete: www.liverpoolhjerter.no
Tips ein ven Skriv ut