Stryn vidaregåande skule

Friluftshelg


Førstkomande helg – laurdag 30. og søndag 31. mai – står friluftslivet i sentrum i Sogn og Fjordane.
Friluftsorganisasjonane i fylket feirar friluftslivets år over heile fylket, med gratis turar for alle som vil.

Arrangementet fekk i år tildelt 200 000 kroner frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Pengane kjem frå dei statlege friluftsmidlane som fylkeskommunen vidareformidlar til friluftsaktivitetar rundt om i fylket.

Mange stadar er det lagt opp til familiedag søndag 31. mai, der bål, grilling og aktivitetar som fisking, natursti, spikking og mykje anna står på programmet. I tillegg er det mogleg å delta på ulike turar med overnatting frå laurdag til søndag.

Desse stadane vert det arrangert familiedag 31. mai

  • Redalen i Naustdal kl. 12–16
  • Svidalsneset i Jølster kl. 11–14
  • Hamrestølen i Leikanger kl. 11–14
  • Navestøylen, Kjølsdalen i Eid kl. 14–17
  • Løland, Åfjorddalen i Hyllestad kl. 14–17
  • Viskedalsvikja, Holsen i Førde kl. 13– 17
  • Berle i Bremanger kl. 09. NB! 30.–31. mai
  • Langedalen, Davik i Bremanger kl. 15
  • Søholmen, Bryggja i Vågsøy kl. 13
  • Årdal, flugefiskekurs
  • Ullsheim, Stryn, kl. 13. NB! Laurdag 30. mai

Ungdoms- og/eller familie- og ungdomstur med overnatting

  • Vangen /Fjelli i Stryn
  • Berle i Bremanger , for familiar og ungdom Padleekspedisjon på Jølstravatnet, for ungdom og vaksne
  • Hamrestølen i Leikanger, for familiar og ungdom
  • Skitur til Fanaråken, Luster (30. mai)

Meir informasjon om alle turane og arrangementa.


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 27. mai 2015 - kl. 10:40
Tips ein ven Skriv ut