Nordfjordfag 1

Friluftsliv - samarbeidsprosjekt i Nordfjord

Dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord har sett Friluftsliv som nytt fag på timeplanen. Første samlinga vart arrangert i Stryn. Neste samling er på Sandane etter haustferien.

Elevane fekk først ein sekvens med generell informasjon om faget,og opplegg for samlinga i Stryn. Eit opplegg som pga dårlege vêrtilhøve og OBS-varsel (rasfare), vart noko endra.

31 elevar og 2 lærarar gjekk fra Stryn sentrum til Ullsheim, via Tverrfjellet. På denne etappen padla heile ...gjengen på langs av Svingesetvatnet før dei campa fyrste natta på Ullsheim. På kvelden var det fokus på tørking av våte kle og bli-kjent-aktivitetar. God stemning!  1f 642.png
Fredag gjekk dei Via Ferrata, i Loen. Alle som gjekk kom seg opp, og det var mange som hadde god grunn til å vere stolte av seg sjølve 
Laurdag-søndag var vi på «Beachen» mellom Stryn og Loen. Dette er eit stort klatrefelt som er internasjonalt kjent i klatremiljøet og faktisk har blitt kåra til ein av Europa sine beste klatrestadar. Der fekk elevane innføring i klatring av kyndige instruktørar. Mange fekk nok kjenne litt på både meistring og høgdeskrekk her. På kvelden var det bålkos med musikk og god stemning. Alle sov under open himmel, truleg for første gong for dei fleste i gruppa.

Nordfjordfag 2.jpg

Kort oppsummert var dette ei kjekk samling, der elevane var positive gjennom heile opplegget. Innstillinga var på topp og gruppa fungerte veldig godt saman. Her fekk dei fleste med seg nye erfaringar gjennom aktivitetane dei var gjennom, gode minner og nye vennskap! 
Neste tur for denne gjengen er på Sandane i veke 42. Då er temaet tradisjonelt friluftsliv (fjellvandring) og stisykling med fulldempa syklar. Det blir nok også spennande og lærerikt!

Tips ein ven Skriv ut