Stryn vidaregåande skule

Stryn vidaregåande skule

Gasskromatografi og røntgendiffraksjon på timeplanen

Sist veke var Ann-Cristin på studietur med Kjemi-2 elevane til Teknologisenteret og Forskningslaboratoriet til Hydro og Årdal. Spennande og lærerik tur!

 Onsdag besøkte Kjemi 2-elevane Teknologisenteret til Hydro i Øvre Årdal og fekk lære meir om elektrolyse/produksjon av aluminium. Dei fekk også omvisning i elektrolysehallane og Referansesenteret.

Torsdag var dei på Forskningslaboratoriet til Hydro på Årdalstangen. Her lærte dei om gasskromatografi og røntgendiffraksjon som analysemetodar og om prøvetaking og opparbeiding av prøver for analyse. Elevane fekk også prøve å opparbeide prøver i praksis.