Stryn vidaregåande skule

Gjekk heilt til topps i yrkes- NM


Oldaren Asgeir Flåten gjekk heilt til topps i yrkessjåførfaget under
yrkes- NM i Trondheim.
Heilt fantastisk! seier vinnaren sjølv. Han konkurrerte mot 17 andre deltakarar i øvingar som økonomikøyring, presisjonskøyring, førstehjelp, lastsikring og teori.
Det vart også medalje og 3000 kr til vinnaren.

Klar vinnar
Rune Apneseth frå Opplæringskontoret i fylket, i transport og logistikk, var òg med til Trondheim. Han kan fortelje om ein klar vinnar.- Det var poenggiving, og Asgeir vann nok på at han scora jamt høgt over heile linja, seier Apneseth.
Takkar onkelen
Lærlingen frå Olden meiner han har gått ein god skule hos onkelen Ragnvald Flåten. - Ja, det har mykje å bety at eg har fått vere med han opp i gjennom, seier den ferske norgesmeisteren.- Og dette har veldig mykje å bety på ein CV. Berre å ha delteke blir vektlagt hos arbeidsgivarar, skyt Apneseth inn.
Tekst: Roy Aron Myklebus, Fjordingent
yrkes nm
Asgeir Flåten saman med sølvvinnar Ingrid Bergheim frå Møre og Romsdal og bronsevinnar Simen Kaulum frå Oppland. Foto: World Skills

Ikkje berre bra køyring

Det er lett å tru at for å vinne denne klassa, må ein berre kunne køyre bra, men Flåten kan fortelje at presisjonskøyring berre er ein liten del av konkurransen.

– Opptreden på ulykkesstad, teori, økonomisk køyring, påsetjing av kjetting, lasting og lossing er òg ein del av konkurransen, saman med presisjonskøyring. Det vart jo eigentleg ikkje så mykje køyring, seier Flåten.

Øvde berre éin dag

Han og Svein Hukset, som òg deltok i same klasse, fekk éin dag med opplæringskontoret med øving før dei reiste nordover til Trondheim.

– Vi gjekk gjennom alle fasane i konkurransen den eine dagen, men det er jo dette vi jobbar med, så då skal ein jo kunne det frå før, seier han.

Desse deltok òg frå Sogn og Fjordane:
Roy Kristoffer Bårøy, anleggsmaskinkøyrar
Jan Martin Gjerland, anleggsmaskinkøyrar
Lise Eide Simonsen, ambulansearbeider
Kim Andre Nygård Leite, betongfaget
Merete Nedrebø, billakkering
Anfinn Fretheim, bilmekanikar
Svein Hukset, yrkessjåførfaget
Tips ein ven Skriv ut