Elevmentorar 2015/2016

Foto: Stryn vgs

Gjennomfører ny ungdomsundersøking

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal kartleggje livskvalitet og levekår for alle elevane ved dei vidaregåande skulane i fylket.


Undersøkinga Ungdata dekkjer heilskapen i livet til ungdomane og er ein del av livskvalitet- og levekårsarbeidet (folkehelsearbeidet) i fylkeskommunen. Undersøkinga vert gjennomført i veke ni til elleve i vår og deretter kvart tredje år.

Viktig livsfase

– Barn og unge er ei særskilt viktig målgruppe i livskvalitetsarbeidet vårt, sidan mykje av grunnlaget for seinare mestring og deltaking blir skapt i den livsfasen, seier spesialrådgjevar innan folkehelse, Anne-Lene Norman.

Undersøkinga omfattar eit breitt spekter av tema:

  • foreldre og vener
  • skule
  • lokalmiljø
  • fritidsaktivitetar
  • helse og trivsel
  • rusmiddelbruk
  • risikoåtferd og vald

Både kommunane og fylkeskommunane er lovpålagde å ha oversikt over levekår og livskvalitet for innbyggjarane sine. Dette skal vere ein del av grunnlaget for samfunnsplanlegginga  når det gjeld barn og ungdom. I tillegg til og plan- og utviklingsarbeidet generelt når det gjeld levekår og livskvalitet for innbyggjarane.

Mange kommunar er med

Fylkeskommunen ønskjer at flest mogleg ungdomar i fylket deltek i undersøkinga og oppmodar difor kommunane om å gjennomføre den same undersøkinga blant elevar i ungdomsskulen.

Jo fleire ungdomar som svarer på undersøkinga, jo betre grunnlag har ein for å samanlikne data over tid, med andre kommunar og fylkeskommunar og med nasjonale tal.

Kommunane Aurland, Askvoll, Bremanger, Fjaler, Flora, Hyllestad, Vågsøy og Årdal har alt nytta Ungdata-undersøkinga i løpet av dei tre siste åra. 15 kommunar har stadfesta at dei blir med i undersøkinga i 2017. Det er Gulen, Solund, Høyanger, Vik, Leikanger, Aurland, Luster, Fjaler, Gaular, Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen og Stryn.

Erstattar tidlegare undersøking

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal gjennomføre Ungdata-undersøkinga i samarbeid med Velferdsforskingsinstituttet NOVA og Regionalt kompetansesenter v/ Bergensklinikkane.

Fylkeskommunen har tidlegare samarbeidd med HEMIL-senteret i Bergen og Hans Johan Breidablikk i Helse Førde om ei ungdomsundersøking i fylket for ungdomar i 6., 8. og 10. klassetrinn. Denne vart avslutta i 2015, og Ungdata-undersøkinga er tenkt å erstatte ho.

Ungdata-undersøkingane er finansiert av Helsedirektoratet over statsbudsjettet, og deltakinga er gratis.

Meir informasjon om Ungdata, om undersøkingane, kommunar som har delteke, forsking, publikasjonar, med meir.

For meir informasjon

Anne-Lene Norman
spesialrådgjevar innan folkehelse
anne-lene.norman@sfj.no
415 30 378

Mie Dahl Pind
trainee innan statistikk og analyse
mie.dahl.pind@sfj.no
57 63 80 26

 

Publisert 12. januar 2017 av Birthe Johanne Fredheim Finstad   

Tips ein ven Skriv ut