Tre elevar på byggfag i arbeid

Foto: Reed Foto AS

Godkjende lærebedrifter

I desse dagar er mange elevar ute for å skaffe seg læreplass.
Bedrifter som ikkje har sikra seg lærling kan bli lærebedrift og ein del av merkeordninga frå Kunnskapsdepartementet.

For bedrifter som ønskjer seg lærling er dette den rette tida, for å få skrive kontrakt med lærlingar før skuleslutt.

Det er mange bedrifter i fylket som tek inn lærlingar, og som gjennom merkeordninga synleggjer at dei er med på utdanning av viktige fagarbeidarar som fylket treng.  Sogn og Fjordane fylkeskommune er og ei lærebedrift,  og kan smykke seg med merket som syner at bedrifta tek inn lærlingar.

Lærebedrifter som tek inn lærlingar/lærekandidatar får tilskot frå fylkeskommunen. Slik blir bedrifta godkjent som lærebedrift.

Om du sit i ei godkjent bedrift, men ikkje har klistra opp merket som viser at bedrifta tek eit viktig samfunnsansvar, kan du bestille og laste ned merket hos Utdanningsdirektoratet.

Målet med merkeordninga er å heve statusen for alle som tek yrkesfag, å få fleire bedrifter til å ta inn lærlingar og å gjere det lettare for forbrukarane å nytte lærebedrifter.

Tips ein ven Skriv ut