Stryn vidaregåande skule

Godt gjennomført elevstyrt skule


Elevrådsleiar Emilie Eikenæs Vik får gode skussmål frå alle kantar for jobben som skuleleiar i rektor Kirsti Horne sitt fråver. Det faste personalet ved Stryn vidaregåande skule drog på personalsamling til Kalvåg, og overlet skulen til elevane. Elevrådet tok over leiaroppgåver medan tredjeklassingar fylde lærarrollene.


Hektiske dagar
Fredag var Fjordingen ynskt velkomen på besøk.
"Skulen skal skine når leiinga kjem attende". Dette syntes å vere mottoet
for reinhaldsgruppa. Etter lunsj kom dei fram. I kantine og i alle krikar og
krokar elles tok dei tak. Bonemaskiner gjekk for fullt og ikkje eit bord
unngjekk vaskeklut.
Det var Joakin Olsbø som hadde ansvar for reinhaldsjobben, og det var
tydeleg at ansvaret vart teke på alvor. Han var i leiargruppa, og dei sat i
møte medan resten av elevane fekk traktering i kantina.
- Det er hamburgarar på menyen i dag, fekk vi vite.
Kjøkkensjef Enesio Juah Jlaka går andre året på linja for kokk og
servitør.
- Det har vore hektisk men artig, fortalde ho og syntes til gode
medhjelparar i kjøkkentenesta.
Også elevane har oppført seg upåklageleg med medelevar som sjefar i alle klasserom.

elevst


Hektisk møteaktivitet
Leiargruppa har hatt hyppige møte for å stå til rådvelde for alle "lærarar"
som har spørsmål og alle som opplever tekniske problem. Alexander Presthus
har hatt hovudansvar for IT-styringa saman med Mathias Magenbauer som i tillegg hadde lærarfunksjon. Tore Raftevold hadde også lærarjobb ved sida av å vere i leiargruppa.
To i gruppa sytte for fråverslister og kontakt med elevar som ikkje møtte
fram til skuletid.
- Det gjeld spesielt hybelbuarar, fortalde Alma Marie Krogh Berstad. Ho
hadde jobb som miljøkoordinator saman med Mari Sollid Eide. Desse to var
også ansvarlege for informasjon internt og eksternt, og elles ta dei jobbane
som var naudsynte for at skuledagane skulle fungere knirkefritt.
Fungerande rektor, Emilie Eikenæs Vik, hadde sjølvsagt det overordna
ansvaret. Ein av dei mindre koseleg oppgåvene, var å ta imot meldingar om juks g andre saker der lærarane var usikre. Desse meldingane skulle vidare
til rektor Horne. Heldigvis var det lite negative meldingar å ta imot.I
tillegg skulle Emilie vere andletet ut når nokon utanfor skulen tok kontakt.
- Vi har hatt tullefelefon, fortel Emilie. Leiargruppa vil ikkje avsløre
kva tulletelefonen gjekk ut på, eller kven som stod bak den, men fortel av
vedkomande tok til å le og dermed vart avslørt.

estyrt

Lært mykje
Emilie Eikenæs Vik likar å ta ansvar. Som aktiv handballspelar likar ho også
å jobbe i team. Ho seier elevane lærar mykje med å ta ansvar og få kunnskap
om korleis skulen vert styrt.
- Vi har fått meir respekt for lærarar og administrasjon, seier Emilie og
alle i leiargruppa er samde.
Dei meiner at kampen for skulen har ført elevane tettare saman og at
deltaking i debattar kring skulen, og fare for nedlegging, har gjeve god
ballast.
- Skulemiljøet er ekstremt bra og det verkar som alle trivst. Eg har ikkje
registrert uthenging eller mobbing, og trur alle vert inkluderte, kunne
Alexander Presthus fortelje. I gruppa brukar dei kvarandre og ulike
erfaringar frå fagval og fritidsaktivitetar. Fleire meiner at idrett og
andre fritidsaktivitetar fører til meir struktur i kvardagen.
For å oppsummere det dei har opplevd med å ta over styringa av skulen, var leiargruppa samstemde: - Positivt og lærerikt. Deilig å vite at dei stole på oss.

styrt


God planlegging
Fungerande rektor fortel at overtakinga ikkje har skjedd utan planlegging og
informasjonsmøte.
- Vi har hatt mange møte og fått god førebuing, fortel Emilie. Å bli lærar
i framtida er ikkje draumen for leiartalentet.
- Det vert nok økonomistudiar ved Handelshøgskulen, fekk vi vite. Somme i leiargruppa og blant reservelærarane kan derimot tenkje seg å ta
lærarutdanning.
- Dei sa dei skulle gjere oss stolte, og det har dei klart, var
kommentaren frå rektor Kirsti Horne etter heimkomsten fredag. Ho la til at
det er lett å bli imponert over dei flotte elevane ved skulen. Ikkje berre
dei som tok leiinga, lærarrollene eller drifta på andre område.