Born les

Gratis opplæring i barne- og ungdomsarbeidarfaget

Fylkeskommunen og Fylkesmannen vil auke kompetansen i barnehage, SFO og skule og tilbyr no gratis praksiskandidatkurs i barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Publisert 08. januar 2018 av Birthe Johanne Fredheim Finstad

Kurset høver for personar med lenger arbeidspraksis i faget og er retta mot praksiskandidateksamen hausten 2018. Denne dekker den teoretiske delen av fagprøven. Målet er å auke kompetansen til ufaglærte assistentar i barnehage, SFO og skule.

Undervisninga vert i Førde/på Skei om lag 1–2 dagar i månaden og startar i januar/februar 2018. Vi tek atterhald om at det melder seg nok deltakarar.

Søk på vigo.no

Alle må søkje elektronisk på www.vigo.no – vidaregåande opplæring for vaksne.

Søknadsfrisen er 20. januar 2018.

For meir informasjon

Ta kontakt med Svein Morten Søreide – tlf. 57 63 73 07 / 415 30 905 – ved Mo og Øyrane vidaregåande skule for meir informasjon.

Andre fag

Dersom du ønskjer meir informasjon om moglegheiter og tilbod i vidaregåande opplæring for vaksne, gå inn på www.sfj.no/vaksen, eller ring 57 63 80 00 for nærare rettleiing.