Stryn vidaregåande skule

Gratis vidaregåande opplæring for vaksne søknadsfrist 10. mai


Alle vaksne over 25 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til gratis opplæring spesielt tilpassa vaksne. Vi tilbyr gratis vidaregåande opplæring for vaksne både i fag til generell studiekompetanse og yrkesfag frå hausten 2015.

Vaksne utan rett kan òg få opplæring så langt det er plass på kurset, men vert prioriterte etter vaksne med rett.

Du kan søkje om plass på opplæringa på www.vigo.no – vaksenopplæring/realkompetansevurdering.

Søknadsfristen er 10. mai 2015.

Deltakarane får låne lærebøker, og kan òg få låne datamaskinar ved behov .

Vi tilbyr opplæring i desse faga (klikk på faga for meir informasjon)

  • Praksiskandidatkurs
    1. Barne- og ungdomsarbeidarfaget i Førde og på Sandane
      NB. Med atterhald om nok deltakarar.


Ynskjer du personleg rettleiing?

Gå inn på www.karrieresfj.no og bestill rettleiingstime eller kontakt ein av karriererettleiarane:

Heidi Karin Ekehaug, karriererettleiar, Førde, tel. 415 30 606
Stein Inge Strøm, karriererettleiar, Nordfjordeid, tel. 928 93 547
Siv Kristin Flekke, karriererettleiar, Dale, tel. 415 30715


Meir informasjon om faga

  • Generell studiekompetanse: norsk, matematikk, engelsk, naturfag, historie og samfunnsfag
    Undervisninga er nettbasert med samlingar. Med atterhald om nok deltakarar vert det samlingar i Førde, Sogndal og Nordfjordeid i alle fag. Det er ei samling ca. kvar tredje veke i kvart fag. Samlingane er på ettermiddagstid, og kan såleis kombinerast med jobb.

    I opplæringa får deltakarane elevstatus og standpunktkarakterar. Opplæringa avsluttast våren 2016. Norsk hovudmål har obligatorisk skriftleg eksamen, i andre fag kan du bli trekt ut til skriftleg eller munnleg eksamen.

    Historie og samfunnsfag
    Desse faga vert i år tilbydd som rein nettundervisning med privatisteksamen. Leverandør er Frisvold privatistgymnas, og Sogn og Fjordane fylkeskommune kjøper tilbod til deltakarar med rett til vidaregåande opplæring for vaksne.
  • Fellesfag i yrkesfaglege utdanningsprogram
    Sogn og Fjordane fylkeskommune tilbyr òg opplæring i fellesfag som inngår i yrkesfaglege utdanningsprogram. Dette gjeld følgjande fag: Matematikk, naturfag og engelsk.

    Undervisninga er samordna med tilsvarande fag til generell studiekompetanse, men matematikk og naturfag blir avslutta i desember 2015. Ingen fag har obligatorisk eksamen, men elevane kan trekkjast ut til eksamen i eitt eller fleire fag.

    Samfunnsfag vert tilbydd som nettundervisning til deltakarar med rett.
  • Praksiskandidatkurs (med atterhald om nok deltakarar)

    • Barne- og ungdomsarbeidarfaget i Førde og på Sandane

    Kursa høver for deltakarar med lengre arbeidspraksis i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Opplæringa rettast mot praksiskandidateksamen våren 2016, som dekker den teoretiske delen av fagprøva. Opplæringa er nettbasert med fysiske samlingar ca. to gonger/mnd.
  • Andre yrkesfag
    Dersom du ynskjer opplæring innan andre yrkesfag, kan du òg registrere deg på www.vigo.no -vaksenopplæring, med ønskt sluttkompetanse. Søknadene vert behandla kontinuerleg, realkompetansevurdering og opplæring vert gjennomført etter behov.
    Ingen søknadsfrist.

Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 17. april 2015 - kl. 12:43
Tips ein ven Skriv ut