Stryn vidaregåande skule

Gratulerer til gullgutten Johannes!


Vi gratulerer Johannes Thingnes Bø med:
Stafettgullet på laurdag
Gull på 15 km fellesstart på søndag!


Gullgutar frå Stryn

Publisert 14. mars 2016 av Jenny Følling | Oppdatert 15. mars 2016

To gnistrande gode og humørfylte skiskyttarstjerner tok gull frå VM med heim til Sogn og Fjordane i helga. Fylkesordførar Jenny Følling hyllar Bø-brørne og deira historiske medaljefangst.

For nokre prestasjonar! Og for eit humør! Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø er fantastisk flotte førebilete frå fylket, dei spreidde glede og inspirasjon til heile verda under VM i skiskyting på heimebane. Gratulerer frå heile Sogn og Fjordane!

Sogn og Fjordane jublar når Tarjei og Johannes frå Stryn er med og tek VM gull i skiskyttarstafett på «heimebane» i Holmenkollen. Det er historisk at to brør på same lag blir verdsmeistrar. Det er historisk for vårt fylke.

Når så Johannes Thingnes Bø syter for at VM i skiskyting vert avslutta med VM-gull den siste dagen av meisterskapen, der han nedkjempar VM-kongen Martin Fourcade og vinn fellesstarten, er fylket vårt sprekkeferdig av stoltheit og nasjonen i ekstase. Slik er idretten ei form for underhaldning som er tufta på kampen rundt dei både søte og bitre realitetar i livet. Idretten handlar om å vinne gjennom å vinne over seg sjølv. Når skiskyttaren kjempar inn blinkar og alt kokar rundt, kjenner vi oss litt att i våre eigne kampar. Dei aller fleste som står øvst på sigerspallen har gått gjennom ei rekke nederlag fram mot smaken av siger. Brørne Bø er lette å identifisere seg med gjennom motgang og sjukdom dei har hatt på veg mot toppen. Og dei har eit humør og vinnarglede som smittar oss alle! I tillegg er dei eit av få brødrepar som har fått lov å stå saman øvst på ein sigerspall. Tilfellet Johannes og Tarjei frå Stryn og Sogn og Fjordane har historiske dimensjonar knapt nokon andre kan vise til.

Ein finn og Sogn og Fjordane-namn i trenarlaget, som er ein stor del av suksessen. Morten Aa Djupvik er idrettssjef i Norsk Skiskytterforbund, og Steinar Mundal gjekk frå langrennsjobb til å trene skiskyttarjentene.

Som nære naboar av fylkesanlegget på Ullsheim i Markane viser brørne Bø, og her tek vi også med Anders Fannemel, at det gir resultat å bygge ut idretten sin infrastruktur. Det er difor mange og gode grunnar til å ønskje Johannes og Tarjei til lukke med VM-gulla i skiskyting. Vi i heimefylket har god grunn til å hylle både gullgutane våre og det fantastiske miljøet i Stryn som står bak.

Jenny Følling
fylkesordførar
Sogn og Fjordane


Kong Harald gratulerer Johannes Thingnes Bø med VM seier.

Foto: Kongehuset

Vidar Ruud / NTB scanpix



joh 2