Kristoffer og Håkon  Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kristoffer og Håkon Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Håkon og Kristoffer får Verdas Beste Sommarjobb

To gründerspirer frå NTNU har stukke av med Verdas Beste Sommarjobb 2017 – dei får seks veker til å jobbe med forretningsideen sin i Sogn og Fjordane.

 

Det nettbaserte gründersenteret driftig.no lyste i januar ut Verdas Beste Sommarjobb. Stillinga lokka med 50 000 kr i løn, bustad og kontorplass og tid til å jobbe med ein forretningsidé.

Det kom inn 36 søknadar, mange gode, noko som la lista høgt.

Unik sjanse

Løysinga har fått namnet Munti Box, og er utvikla av Ablemagic i samarbeid med studentane Håkon Vikøren, Kristoffer Aase og Aksel Bjørnø. Sistnemnte skal delta på Gründerskolens utlandsprogram i sommar og vert difor ikkje med til Sogn og Fjordane. Alle tre kjem frå Entreprenørskapsskulen ved NTNU i Trondheim. I sommar vert Sogn og Fjordane heimplassen til Håkon og Kristoffer.

– Vi såg på Verdas Beste Sommarjobb som ein unik sjanse til å bruke sommarferien til å jobbe med forretningsideen, dra nytte av det gode nettverket driftig.no stiller til disposisjon og kickstarte prosjektet inn i neste semester. I tillegg hjelper det med ei såpass generøs løn i eit pressa studentbudsjett, seier dei to.

Barneleike

Forretningsideen går ut på å heve besøksopplevinga for barn gjennom unike digitale opplevingar som er utvikla spesielt for det offentlege rom. Produktet, Munti Box, er eit leike-tre, med digitale skjermar festa til greinene. Med bruk av trykksensitive skjermar kan barna leike, lære, lage og utforske saman med andre. Gründerane håpar på å kunne teste ideen sin to-tre plassar i Sogn og Fjordane i sommar, for å innhente informasjon om korleis dei kan vidareutvikle produktet.

– Hovudmålet er sjølvsagt å få til eit sal i løpet av sommaren. Vi trur vi kjem til å lære mykje av erfarne ressurspersonar om det å starte ei bedrift. Forhåpentlegvis kan vi også knyte til oss verdifulle partnarar for bedrifta, seier gründerane.

Følg gründerane på nett

Driftig.no stiller med det som trengst av ressurspersonar som kan hjelpe og rådgje gründerane i løpet av dei seks vekene dei skal vere i Sogn og Fjordane.

– I retur skal gründerane dokumentere opphaldet i ein blogg på driftig.no. Her kjem det til å skje mykje spennande, så det kan blir moro å følgje med på, seier Ingvild Andersen, som leiar redaksjonsgruppa til driftig.no

Gründerane håpar å nytte sommaren til å komme i kontakt med andre gründerar, potensielle kundar og investorar. Du kan følgje bloggen til dei to gründerane på driftig.no/blogg.

Driftig.no

Ingvild Andersen jobbar med næringsutvikling hjå fylkeskommunen og kjenner godt til næringstiltaka i kvar einskild kommune, men veit også at dette ikkje er godt nok kjent blant målgruppa.

– Vi ønskjer å vise fram dei gode hjelparane i Sogn og Fjordane, og at vi har eit effektivt og godt system som legg til rette for nyskaping. Med  dette prosjektet vil vi gjere ressursane i fylket meir kjende, slik at fleire kan sjå fordelen av å starte eller vidareutvikle bedrift i Sogn og Fjordane, seier ho.

Driftig.no er eit samarbeid mellom offentlege næringsaktørar i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen leiar arbeidet og har med seg Innovasjon Norge, Fylkesmannen, inkubatorane og kommunane og næringsselskapa i redaksjonsgruppa. Dei har også med seg ein gründer som representerer målgruppa, og det var han som foreslo prosjekt Verdas Beste Sommarjobb når redaksjonen diskuterte aktivitetar for 2017.

For meir informasjon

Ingvild Andersen
redaksjonsleiar, driftig.no og rådgjevar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
ingvild.andersen@sfj.no
57 63 80 39

Allan C. Madsen
prosjektleiar, Verdas Beste Sommarjobb og dagleg leiar, Kortmat AS
allan.madsen@kortmat.no
472 83 001

Håkon Vikøren
gründer
hakonvikoren@gmail.com
905 87 066

Kristoffer Aase
gründer
kristoffer.kaa@gmail.com
412 69 080

Publisert 07. april 2017 Oppdatert 07. april 2017 av Birthe Johanne Fredheim Finstad

 

Tips ein ven Skriv ut