Stryn vidaregåande skule

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag
Du som vel helse- og oppvekstfag, må bry deg om og kunne ta omsyn til andre menneske. Du bør ha gode kommunikative evner og evne til samhandling for å kunne arbeid med menneske i alle livssituasjonar.
Utdanningsprogrammet fører fram til yrke der eigne haldningar, kunnskap om helsefremjande arbeid, livsstilsjukdommar, arbeidsmiljø og kulturforskjellar er viktig, og der det blir stilt krav til heilskapleg tenking og tverrfagleg samarbeid.
Helse- og oppvekstfaga representerer viktige tradisjonar og verdiar på omsorgsfeltet, som gjeld fysiske, psykiske og sosiale behov hos mennesket. Opplæringa i felles programfag skal medverke til å dekkje kompetansebehovet i samfunnet innanfor oppvekst-, helse- og sosialtenestene. For å fremje helse både for den enkelte og for samfunnet som heilskap skal helse- og oppvekstfaga gi kunnskap om helsefremjande arbeid, livsstilsjukdommar og arbeidsmiljø. Eit fleirkulturelt samfunn krev kunnskap om og respekt for norsk, samisk og andre kulturar og tradisjonar. Eit viktig føremål med opplæringa skal vere å medverke til fleirkulturell forståing på oppvekst-, helse- og sosialfeltet.

hs

Helse- og oppvekstfaga skal gjere elevane skikka til å yte god service og ta medansvar for arbeidsmiljøet. Opplæringa i felles programfag skal utvikle kunnskapane og ferdigheitene til elevane innanfor kommunikasjon og samhandling, og gi eit grunnlag for arbeid med menneske i alle livssituasjonar. Eit føremål med felles programfag er òg å medverke til yrkesforståing og yrkesstoltheit, gjennom bevisstgjering av eigne haldningar og ferdigheiter. Denne kompetansen vil kunne bli overført til andre livssituasjonar, og vil vere eit godt grunnlag for livslang læring.


hs

Heilskapen i dei felles programfaga skal gi elevane ei plattform for vidare yrkesval og leggje til rette for utvikling av fagleg forståing gjennom kunnskap, refleksjon, etisk bevisstgjering, respekt og toleranse. Opplæringa skal vere praksisnær og tverrfagleg og knyte teori og praksis saman.


hs

  • Tips ein ven Skriv ut