Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Helse- og oppvekstfag/Dei ulike yrka/Helsearbeiderfaget

Helsefagarbeidar med fagbrev

Aktuelle arbeidsstader

Helsefagarbeidaren arbeider i spesialisthelsetenesta, i psykisk helsevern på alle nivå og i institusjonar og varierte omsorgs- og behandlingstilbod i kommunal og privat sektor.

Sentrale arbeidsoppgåver

Helsefagarbeidaren utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og sosialtenesta. Sentrale arbeidsområde er

  • utøving av fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp med brukaren i sentrum
  • arbeid med helsefremjande, førebyggjande og rehabiliterande pleie- og omsorgstiltak
  • planlegging, utføring og deltaking i det totale behandlingsopplegget for pasienten/brukaren
  • arbeid i samsvar med gjeldande hygieniske, ernæringsmessige og ergonomiske prinsipp
  • handtering av medikament etter gjeldande lovverk
  • journalføring, dokumentasjon og rapportering

Personlege eigenskapar

Det er viktig med personleg kompetanse i forhold til yrkesutøvinga. Du må kunne bry deg om, vise omsorg og respekt for og ta omsyn til andre menneske. Du bør kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre.

Formelle krav

For å kunne bruke yrkestittelen helsefagarbeidar må du ha autorisasjon frå Statens autorisasjonskontor for helsepersonell, sjå www.sak.no.

Tips ein ven Skriv ut