Stryn vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Helsetenesta

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta skal bidra til å førebygge sjukdom og skade, fremme god psykisk og fysisk helse og fremme gode sosiale og miljømessige forhold hos elevane.

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta skal bidra til å førebygge sjukdom og skade, fremme god psykisk og fysisk helse og fremme gode sosiale og miljømessige forhold hos elevane.

 

Helsesøster

Elevar og personar kring eleven vert oppmoda om å ta kontakt dersom eleven treng oppfølging frå helsesøster. Helsesøster kan vise veg vidare ved behov. Dersom eleven har behov for oppfølging frå andre instansar, kan aktuelle samarbeidspartnarar vere skulelege, fastlege, Pedagogisk psykologisk teneste (PPT), Barnevern, Barne –og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), spesialisthelsetenesta. Dette er alltid i samarbeid med eleven.

 

Hilde 2.jpg

Helsesøster Hilde Nordnes

 

Helsestasjon for ungdom i Stryn kommune (HFU)

Er det noko du lurer på eller vil prate om?

Ofte kan det vere fint å prate med ein vaksen når hovudet er fullt av tankar. Ved å snakke om det som opplevast som vanskeleg, får ein lagt frå seg bekymring og frustrasjon. 

 

Helsestasjon for ungdom (Hfu) er eit gratis tilbod for gutar og jenter mellom 13 og 20 år. Det er eit supplement til skulehelsetenesta.
På Hfu i Stryn kan du treffe lege, helsesøster eller jordmor.


Hfu er eit gratis «drop in» tilbod der ungdom kan komme med små eller store helsespørsmål.
Stikk innom i opningstida – ingen timebestilling.


På helsestasjonen kan du blant annet samtale om / få rettleiing i:
- Seksuell helse og prevensjon: kjønnssjukdomar, graviditet og abort, seksuell legning, Seksuelle overgrep
- Førebygging av kjønnslemlesting og tvangsekteskap
- Rus og røykeslutt
- Ungdom og psykiske helse som for eksempel angst og depresjon
- Vanskelige familieforhold
- Vold
- Trivsel/ mistrivsel, mobbing
- Sorg og krise
- Søvn
- Ernæring, matvanar, kropp, vekt og spisefortyrrelsar
- Fysisk aktivitet
- Utvikling og pubertet
- Prevensjon: Informasjon om og resept på ulike prevensjonsmidlar


Vi utfører:
- Graviditetstest
- Klamydiatest

 

Vi deler ut gratis kondomar.

 

Nokre gongar er det godt å ha ein vaksen å snakke med sjølv om ein ikkje har eit spesielt problem - du er like velkomen! Det kan også vere ting som er utfordrande og vanskeleg i livet.

HFU er eit tilpassa og lett tilgjengeleg tilbod for deg som er ung, også samarbeid mot skule og foreldre kan vere aktuelt. Dei som jobbar der har teieplikt.

 

HFU er også på Facebook: Stryn Helsestasjon For Ungdom

Meningokokkvaksine til ungdom 16 – 19 år

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Hilde Nordnes
Helsesøster
57 87 69 99
984 93 165
 
 
Kontortid
Stryn vidaregåande skule
Tirsdag og fredag
kl. 09.00 - 14.00
 
 
Helsestasjon for ungdom
Sætrevegen 4
6783 Stryn
(2.etg. over Coop Ekstra)
 
Kontortid
Helsestasjon for ungdom
Tirsdag kl 14:30-16:30
992 88 614
57 87 69 99