Stryn vidaregåande skule

Høg gjennomføring på Stryn vidaregåande skule


Tett oppfølging aukar gjennomføringsgraden. Stryn vidaregåande skule har ei positiv utvikling på tal elevar som fullfører og består den yrkesfaglege opplæringa..
Dette speglar kvalitet og relevans i opplæringa og godt samarbeid med arbeids- og næringslivet

Dei to siste åra kan fylket vise til fem prosent auke på fullført og bestått vg2 yrkesfag for alle skulane. Dei skulane som har hatt størst framgang er:

Vidaregåande skular

Fullført og bestått vg 2-14

Fullført og bestått vg 2-15

Eid vidaregåande skule

83,0%

92,0 %

Flora vidaregåande skule

79,0 %

91,2 %

Mo og Øyrane vg skule

74,0 %

85,7 %

Stryn Vidaregåande skule

76,0 %

93,0 %

Fråfallet er størst mellom vg2 i skule til vg3 i bedrift, og potensialet for auka gjennomføring er såleis størst der.

I tillegg er det ein nedgang i tal elevar som sluttar i løpet av vg2 på dei yrkesfaglege programma. I 2014 var det 50 som slutta i løpet av vg2 mot 36 i 2015. Dette tilsvarar 1 % nedgang.

Elevar som fullfører og består aukar sjansane sine til å få læreplass etter vg2, men i tillegg til å kvalifisere seg bør ein ha lågast mogeleg fråvær, god orden og åtferd og bestått kroppsøving med karakter. Det å kunne «selje seg» på ein god måte gjennom utplassering i PTF (Prosjekt til fordypning), god søknad og CV og å øve på intervjusituasjonar er viktig for ungdomane.

Fylkesdirektør har lagt klare føringar for at dei vidaregåande skulane skal ta større ansvar for formidlingsprosessen. Alle dei vidaregåande skulane med yrkesfaglege utdanningsprogram har ordning med arbeidslivskontakt. Hovudutval for opplæring gjorde i i 2015 vedtak om at gjennomføring og overgangen frå skule til bedrift er hovudarbeidsområde.

Den nasjonale satsinga « program for betre gjennomføring» har gjeve rom for fylkesdirektøren til å vere «tettare på» dei vidaregåande skulane med omsyn til implementering av gode rutinar for kvalifisering og gjennomføring, samt oppfølging av skulane med tanke på at dei må innarbeide gode rutinar i høve formidlinga til opplæring i bedrift.

Fylkesdirektøren har også hatt tett oppfølging av skulane for at dei skal innarbeide gode rutinar i høve formidlinga til opplæring i bedrift.

For meir informasjon

Bekka Skaasheim
Fylkesdirektør for opplæring
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956

Publisert 09. februar 2016 av Matias Helgheim | Oppdatert 09. februar 2016