Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Bygg- og anleggsteknikk/Vegen vidare/Høgare utdanning

Høgare utdanning

NTNU Ingeniør

Bygningsingeniør

Mange med erfaring som fagarbeidar vel å vidareutdanne seg til høgskuleingeniør. 
Erfaringa som fagarbeidar gjev ei praktisk og realistisk tilnærming til oppgåvene.

Som ingeniør får du vere med i utviklinga av moderne bygg- og konstruksjonsteknologi, og det fins massevis av jobbmuligheiter, både innanfor offentleg og privat sektor.

Det treårige studiet fører fram til tittelen ingeniør, og det femårige studiet til tittelen sivilingeniør.

Ingeniøren kan spesialisere seg innanfor ulike retningar, blant anna prosjektering, utføring, drift og forvaltning av bygg- og anleggsarbeid.

Studiet kan også omfatte geomatikk, som kombinerer tradisjonelle kartfag med informasjons- og datateknikk.

Innan konstruksjon kan ingeniøren lære om konstruksjonar i betong, metall og tre. Spesialisering innan vatn og miljø siktar mot miljøtekniske problemstillingar, og omfattar alt frå energiteknikk, drikkevatn- og avløpsteknikk, eller avfall- og gjenvinningsteknikk.

Studiet innanfor veg, transport og arealplanlegging har også ein klar miljøprofil som i dagens samfunn er høgaktuelt.

For meir informasjon om studiet sjå her

Yrkesfaglærarutdanning

Nytt og spennande lærarstudium for dei med fagbrev og nokre års erfaring.

For meir info om dette, sjå her

Tips ein ven Skriv ut