Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Service og samferdsel/Vegen vidare/Høgare utdanning

Vidare og høgare utdanning

Med fagbrev og studiekompetanse ( Vg4 ) opnar dørene seg for vidare og høgare utdanning

 Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning:

  • Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.
  • Du kan ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
    - etter Vg2 eller
    - VG4 påbygging til generell studiekompetanse etter oppnådd yrkeskompetanse
    Då har du muglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.
  • Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium

Nokre tips:

NTNU - International Buisness

Universitetet i Stavanger - Norsk Hotellhøyskole

Universitetet i Agder -  Naturbasert reiseliv

 

Tips ein ven Skriv ut