Høyring

Høyring – reglement og prosedyrar for opplæring i Vestland

Tre viktige dokument for opplæringssektoren i Vestland fylkeskommune er no ute på høyring.

Dei tre dokumenta som er ute på høyring er

  • Utkast til felles forskrift om ordens- og åtferdsreglementet for Vestland fylkeskommune
    • Høyringsfrist: 7. november 2019
  • Utkast til fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Vestland fylkeskommune
    • Høyringsfrist: 7. november 2019
  • Utkast til prosedyrar for opplæringslova kapittel 9A i Vestland fylkeskommune
    • Høyringsfrist: 1. desember 2019

Høyringspartar er skulane i Vestland, elevråd, skulemiljøutval, hovudtillitsvalde, Elevorganisasjonen, mobbeombodet og elev- og lærlingombodet.

Andre som ønskjer å uttale seg om innhaldet til høyringsutkastet, kan også sende høyringssvar.

Send inn høyringsinnspel til reglement

Høyringsinnspel til utkasta til reglement ditt kan du sende inn elektronisk. Utkasta til reglement finn du når du klikkar deg inn i skjemaa for høyringsinnspel:

Send inn høyringsinnspel til prosedyrar

Utkast til prosedyrar for opplæringslova kapittel 9A i Vestland fylkeskommune

Høyringsinnspel til utkastet for prosedyrar for opplæringslova kapittel 9A i Vestland fylkeskommune sender du anten på e-post til kristine.angelsen@hfk.no eller via eDialog (legg inn saksnummer 2019/18330 saman med tittel på innsendinga): https://www.hordaland.no/nn-NO/om-oss/edialog/#theme

Tips ein ven Skriv ut