Stryn vidaregåande skule

Husk å søkje om utstyrsstipend!


Utstyrsstipend er støtte frå Lånekassen til utstyr som du treng i opplæringa, for eksempel kalkulator, arbeidstøy eller idrettsutstyr.
Alle elevar med ungdomsrett får utstyrsstipend frå Lånekassen. Når søknaden din vert behandla, vert det vurdert om du også kan ha rett til andre stipend.
Lærlingarhar ikkje rett til utstyrsstipend, men kan ha rett til lån eller andre stipend.
Så mykje får du
- Utstyrsstipendet er på mellom 946 kroner og 3 500 kroner for heile skoleåret, avhengig av kva utdanningsprogram du tek. Dersom du søkjer berre for eitt semester, får du halvparten av beløpet.
Slik søkjer du
- Søk når du har fått skoleplass og har takka ja.
- Sjekk statusen på søknaden din på Dine sider på lanekassen.no.
- Du får e-post når søknaden er behandla.

stipend
Slik blir pengane utbetalte
- Skriv under på avtalen om støtte og send den tilbake til oss i posten. Dersom du er over 18 år, kan du signere elektronisk med Bank ID eller Buypass direkte på Dine sider.
- Pengane blir utbetalte først når lærestaden har stadfesta at du har møtt opp til undervisninga. Det tek ca. ei veke frå Lånekassen får registreringa frå skolen, til pengane er på kontoen. Hugs at du må stå som eigar av bankkontoen.
Viktig å søkje tidleg i år
Vi skiftar ut datasystema våre for å kunne tilby betre tenester. Somme kundar vil derfor kunne oppleve lang saksbehandlingstid i år. Søk derfor så tidleg som råd.
Sjå lanekassen.no eller Facebook/vgs for meir informasjon.
Tips ein ven Skriv ut