Stryn vidaregåande skule/Elev og føresett/IKT og ressursar

IKT og ressursar

Her finn du nyttig informasjon knytt til innlogging, kopiering og utskrift

Aktivering for nye elevar og tilsette

https://reg.sfvgs.no/

Skuleportalen

http://skule.sfj.no

Logg inn med FEIDE-ident

På skuleportalen får ein direkte tilgang til Fronter, SkoleArena og andre tenster. Alle brukarar får tilgang til web-basert officepakke og installasjon av Office 365, der har ein tilgang til 25 GB gratis lagring i OneDrive, e-post og kalender

Kopi og utskrift

Alle elevar kan nytte skulen sitt kopi- og utskriftssystem ved hjelp av ei utskriftsbrikke. Ved multifunksjonsmaskinene kan du kopiere, skanne til e-post og skrive ut. Skrivaren er plassert i 2. etg mellom fløy 1 og 2.

http://sfj.no/utskrift - Administrasjon av utskriftskonto og finne PUK-kode til aktivering av brikke. Her må du logge deg på med Feide ident og passord.

Første gongen du brukar utskriftsbrikka, må den aktiverast. Når du dreg brikka over den vesle boksen på skrivaren, får du opp at du må legge inn PUK-kode (gå til http://sfj.no/utskrift trykk på oppsett, PUK-kode og evt. generer ny PUK). Etter at du har lagt inn koden, kjem det opp spørsmål om PIN-kode. Denne treng du ikkje legge inn, berre trykk angi (utan å legge inn tal) og logg inn på nytt. No skal brukarnamnet ditt kome opp på skjermen på skrivaren.

Du må i tillegg laste ned ein ny drivar på PC'en din for å kunne skrive ut:

1. Gå til http://sfj.no/ep, og klikk på fana Driver Print.

2. Klikk på Windows eller Mac alt etter kva PC du har og føl bruksanvisninga vidare.

Etter at du har aktivert brikka og lasta ned ny drivar på PC'en din, er du klar til å kunne skrive ut eller kopiere.

Stå i dokumentet du vil skrive ut, og be om utskrift på vanleg måte (feks Fil, skriv ut). No skal Xerox-skrivaren ligge som standardskrivar på PC'en. Gå til elevskrivaren, dra brikka over boksen til venstre og trykk på Pull print (for utskrift). No skal dokumenta du har bedt om utskrift av, ligge klar i kø. Trykk vidare på Print eller Print all.

Tips ein ven Skriv ut