Stryn vidaregåande skule
Informasjon frå Lånekassa

Informasjon frå Lånekassa

Som elev med ungdomsrett i vidaregåande opplæring, må du vente med å søkje utdanningsstøtte til du har fått skuleplass og takka ja til plassen via vigo.no.

Alle som går på vidaregåande skule, kan få stipend frå Lånekassa.

De fleste får berre utstyrsstipend, men nokre får og bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend. Stipend skal ikkje betalast tilbake

Stipend er ikkje det same som studielån, som studentar i høgare utdanning får. Stipend er pengar du får, og ikkje må betale tilbake. Unntaket er dersom du får utbetalt meir stipend enn du har rett til. Då må du betale tilbake det du har fått for mykje. Det kan for eksempel skje dersom du sluttar midt i skuleåret.

Vanlege typar stipend

  1. Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke det du treng av utstyr på den lina du vel, som for eksempel til PC eller arbeidstøy. Kor mykje du får, er avhengig av kva line du startar på. Alle har krav på stipendet, men du må huske å søkje.
  2. Det finns og stipend for deg som ikkje kan bu heime eller har lang reiseveg til skulen. Du må oppfylle bestemte vilkår for å få dette stipendet.
  3. Dersom foreldra dine har svært lav inntekt, kan du ha rett til eit Inntektsavhengig stipend. Inntektsavhengig stipend er meint som eit bidrag til å dekke levekostnadane, slik at dei som kjem frå familiar med svak økonomi, skal ha mogelegheit til å ta vidaregåande opplæring. Dette stipendet er behovsprøvd.

Søknadsfrist

Du må ha ein stadfesta studieplass før du søkjer. Det er same frist for alle stipenda.

15. november for heile året eller berre haustsemesteret

15. mars for berre vårsemesteret

På Statens Lånekasse sine sider finn du ei oversikt over kor mykje du kan få i støtte på kvar av ordningane. Ver merksam på at utstyrsstipendet varierer for dei forskjellige studieretningane.

Våren 2020 vart det gjort nokre endringar i forskrifta om utdanningsstøtte.

Endringar i Forskriften om utdanningsstøtte for studieåret 2020–2021

Under finn du

Lenke til elektronisk søknad om utdanningsstøtte i vidaregåande opplæring 2020-2021

Vel møtt til skulestart den 17.august.