Stryn vidaregåande skule

Informasjon om privatisteksamenFrist for oppmelding 1.februar


Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvar for at det blir arrangert privatisteksamen i fag i vidaregåande skule og tverrfagleg eksamen for praksiskandidatar og lærlingar.
Frist for oppmelding til eksamen på Privatistweb er 1.februar.
Sjå neste side for meir informasjon.

Det vert arrangert eksamen to gonger for året: i mai og juni, og i november og desember. Oppmelding til privatisteksamen må gjerast på https://www.privatistweb.no/

På PrivatistWeb finn du også opplysningar om oppmeldingsfrist, lenke til tidlegare sentralt gjevne eksamensoppgåver m.m. Eksamensoppmelding vert også annonsert i lokalavisene.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvar for at det blir arrangert privatisteksamen i fag i vidaregåande skule og tverrfagleg eksamen for praksiskandidatar og lærlingar.

Team for eksamen og dokumentasjon avviklar eksamen i alle fag med sentralt gjeven eksamen og i tillegg i alle fag med lokalt gjeven eksamen når det let seg gjere å skaffe sensorar og/eller få laga oppgåver i fylket.

Informasjon får du hjå desse:

Toril S. Reksten
teamleiar
Mob: 415 30 781

Joar Solheim rådgjevar Mob:41530988

Berit Svalheim
førstekonsulent
Mob: 415 30 990
(sentralbord)

Erling Vatne
rådgjevar
Mob: 415 30 629

Jørund Årdal
rådgjevar
Tlf: 57 82 53 31
Mob: 416 31 280

Generell informasjon

Overordna ansvar for eksamen og dokumentasjon

Fagleg rådgjeving (studieførebuande)

Klagehandsaming

Yrkesfaglege programområde

Prøvenemnder

Generell informasjon

Privatistoppmeldingar

Utskriving av dokumentasjon

Privatistweb

Særskild tilrettelegging -privatistar

Sensoroppnemning

Dokumentasjon / vitnemål

Fagleg rådgjeving

Privatistweb

E-post: Eksamenskontoret@sfj.no

Kva er ein privatist?
Ein privatist er ein som melder seg opp til eksamen utan å vere elev i faget på oppmeldingstidspunktet. Ein privatist får ikkje standpunktkarakter i faget. Dersom privatisten ønskjer å forbetre ein standpunktkarakter, blir denne teken bort dersom vedkommande vel å bruke karakteren til privatisteksamen på vitnemålet.

Nyttige lenker for privatistar:

Kva er ein praksiskandidat?
Ein praksiskandidat er ein som har meldt seg til fag-/sveineprøve utan å vere elev eller lærling. Praksiskandidatar og lærlingar som manglar den nødvendige teoridelen av fag-/sveineprøva, må framstille seg til ein sentralt gjeven skriftleg eksamen. Det er ikkje krav til praksis for å framstille seg til den teoretiske delen av fag-/sveineprøva. Kontakt fagopplæring eller Team for eksamen og dokumentasjon dersom du er i tvil om kva eksamen du skal ta.

Les meir om praksiskandidatordninga.

Eksamensavgift
Eksamensavgifta blir fastsett i statsbudsjettet. For 2014 er avgifta kr 403,- for første gongs eksamen og kr 826,- for andre gongs eksamen eller meir. Vi gjer merksam på at innbetalt eksamensavgift ikkje blir tilbakebetalt dersom du trekkjer deg frå eksamen. Lærlingar betaler ikkje eksamensavgift for tverrfagleg eksamen.

Fristar
Oppmelding til eksamen: 1. februar og 15. september
Innlevering av leselister/tema for fordjupings-/ prosjektoppgåve: 1. mars og 1. oktober
Søknad om tilrettelegging: 1. februar og 15. september
Refusjon av eksamensavgift VO: 1. april og 1. november


Publisert av: Arve Hjelle
Dato: 5. november 2013 - kl. 12:42