Katedralen i Murcia  Foto: Johanne Elisabett Sørdal

Katedralen i Murcia Foto: Johanne Elisabett Sørdal

Ingen elevutveksling utanfor Europa skuleåret 2020-21

Vestland fylkeskommune har vedtatt å avlyse all elevutveksling til land utanfor Europa skuleåret 2020-21.

Det er fleire grunnar til dette. For det første rådar Utanriksdepartementet  alle frå å reiser til utlandet. Det er per i dag svært vanskeleg å reise internasjonalt sidan flytrafikken er sterkt redusert og mange land har stengde grenser. Mange land, som USA eller Australia, behandlar per i dag heller ikkje visumsøknadar.
For det andre er det stor uvisse knytt til korleis smitten utviklar seg, og elevane vil kunne risikere å få avbrot i utvekslingsopphaldet. 
Elevutveksling til Europa blir per i dag planlagt som vanleg.
Merk at dette gjeld elevutveksling i regi av Vestland fylkeskommune. Utveksling gjennom private organisasjonar vil ha eigne reglar.
Dersom du har søkt Vg2 i eit land utanfor Europa vil det du la inn som val nr. 2 i søknaden din rykkje opp og bli val nr 1.